Hopp til innhald

Lea Myren

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lea Myren

Fødd21. april 2001 (25 år)
FødestadElverum kommune
FødenamnLea Mathilde Skar-Myren
Aktive år2009
Verka somskodespelar, modell, fjernsynsskodespelar
MorAne-Marthe Skar
FarPål Myren
PrisarAmandaprisen for årets nykommer

Lea Mathilde Skar-Myren (fødd 21. april 2001) er ein norsk skodespelar og modell.[1]

Ho vart kjend etter å ha spelt hovudrolla Maya i dramaserie JenterNRK (2013–2015; 2018). Seinare har ho spelt hovudrollene Jeanette i situasjonskomedien Familien Lykke (frå 2020) på NRK og Monica «Tatærn» i dramaserien Kids in Crime (2022–2024) på TV 2.[2]

Myren har òg opptredd i biroller i ei rekke NRK-seriar, inkludert i situasjonskomedien Side om side (2018) og ungdomsserien Blank (2019).[3]

Lea Mathilde Skar-Myren voks opp i Oslo som den første dottera til forskaren Ane-Marthe Solheim Skar.[4] Etter å ha gått ungdomsskulen på Fyrstikkalleen skole tok Myren dramalinja ved Hartvig Nissens skole; ho gjekk ut frå vidaregåande skule i 2020.

Myren hadde dei første TV-opptredenane sine i 2009 i NRK sin barne-TV-serie Superia, der episodane inneheldt innslag der ho og jamaldra barn guida sjåarane gjennom eit dataspel.[5][6] Sidan spelte ho hovudrolla som Maya i den første sesongen av dramaserie Jenter (2013) på NRK.[7] I dei fire følgjande sesongane av serien, fram til 2015, fortsette ho som Maya, som då var ei birolle i produksjonen.[8]

Ho hadde seinare ei birolle i ein episode av situasjonskomedie Side om side (2018) på NRK.[9] I 2019 hadde ho fleire biroller i ulike TV-seriar, mellom anna i ungdomsserien Blank og situasjonskomedien Allerud VGS.[10][11][12] Myren hadde same år òg ei statistrolle i Dottera ved Det Norske Teatret,[13] og arbeidde som lyssjef i Nissenrevyen. Ho fekk året etter hovudrolla som Jeanette i situasjonskomedie Familien Lykke ved NRK.[14]

I 2021 arbeidde Myren som klesmodell for merket Also Worldwide, og bidrog med promotering av Also Worldwide.[15][16] Myren hadde òg den første filmrolla si i Aldri i Livet,[17] og opptredde i musikkvideoen til Kristian Skylstad sin song «Never Lose That Childish Glow in Your Eyes».[18][19]

Filmografi

[endre | endre wikiteksten]
År Tittel Rolle Merknader
2009 Superia Seg sjølv Programleiar
2013–2015;
2018
Jenter Maya Hovudrolle (sesong 1)
Birolle (sesong 2–5)
Gjesteopptreden (sesong 10)
2013 Julemorgen Seg sjølv Gjesteopptreden
2014–2015 Superkrim Seg sjølv 2 episodar
2018 Side om side Sofie Episode: «Foreldrekonflikt»
2019 Blank Jenny 2 episodar
2020 Allerud VGS Allergisk Episode: «Verdensblikk»
2020–noverande Familien Lykke Jeanette Hovudrolle
2021 Maxitaxi Driver Ingrid 2 episodar
2022 Venner fra før Indie 5 episodar
2022–2024 Kids in Crime Monica «Tatærn» Larsen Hovudrolle
År Tittel Rolle Merknader
2021 Aldri i Livet Liv Bachelorfilm ved Westerdals Oslo ACTHøyskolen Kristiania[17]

Musikkvideo

[endre | endre wikiteksten]
År Video Artist
2021 «Never Lose That Childish Glow in Your Eyes» Kristian Skylstad[18][19]
År Produkt
2017 Barndom av Margreth Olin[20]
2018 VMTV 2
2019 «Stemmer verdt å lytte til» av iceUng[21]
  1. Stokstad, Regine (2021-08-19). «2000-tallsmoten er tilbake». Dagens Næringsliv (på norsk). Henta 2021-08-26. «Skuespiller Lea Myren (20) er glad i å mikse stiler, den sukkerspinnrosa Paris Hilton møter den mer rocka Avril Lavigne» {{cite web}}: Invalid |url-tilgang=abonnement (hjelp)
  2. Sand, Camilla (2020-10-01). «Disse spiller i NRKs nye lørdagskomedie». NRK (på norsk). Henta 2021-07-01. «Lea Mathilde Skar-Myren spiller rollen som den frekke 19-åringen Jeanette, som har friår og fremdeles bor hjemme. Det skaper tidvis skaper stor frustrasjon hos Randi. Faktisk er det nok Jeanette selv som blir mest irritert av at hun fortsatt bor hjemme, samtidig som hun tenker: Hvorfor forlate redet når man får mat rett i nebbet? Lea Mathilde har blant annet spilt i NRK-seriene «Jenter »og «Blank».»
  3. «Blank (TV Series 2018–)». The Movie Database (på engelsk). Henta 2021-08-01. «Lea Mathilde Skar-Myren as Jenny»
  4. «Lea Mathilde Skar-Myren - Biography». IMDb (på engelsk). Henta 2022-07-15. «Lea Mathilde Skar-Myren was born in Oslo, Norway, as the first daughter of Ane-Marthe Solheim Skar, a researcher at NKVTS, and Pål Myren, a chief technology officer.»
  5. «Lea Mathilde Skar-Myren». Filmfront (på norsk). Henta 2021-08-07. «Superia (TV) Tv-serie (2009) Programleder»
  6. «NRK Super - Superia : Sesong 1 - Episode 8» (på norsk). Henta 2021-08-07 via nrksuper.no. «Last ned eventyrlige Superia fra NRK Super og utforsk pc-spillets verden videre sammen med Stian og den frekke roboten Kim. Her får du drøssevis av spilltips, se ting du selv har laget, og du kan også være med å påvirke historien videre. Baste og Lea utfordrer Stian gjennom regnbuedalen.» {{cite journal}}: Cite journal requires |journal= (hjelp)
  7. «Jenter (TV Series 2013–2018) - Full Cast & Crew». IMDb (på engelsk). Henta 2021-08-09. «Lea Mathilde Skar-Myren as Maya»
  8. «Lea fra Jenter forteller om netthets». NRK (på norsk). 2016-09-29. Henta 2021-07-01. «Lea Mathilde, bedre kjent som Maya i serien "Jenter" opplevde mye netthets da hun først ble kjent.»
  9. «"Side om side" Foreldrekonflikt (TV Episode 2018)». IMDb (på engelsk). Henta 2021-08-09. «Lea Mathilde Skar-Myren as Sofie»
  10. «Blank - Cast». TVmaze (på engelsk). Henta 2021-08-09. «Lea Mathilde Skar-Myren as Jenny»
  11. «Lea Mathilde Skar Myren». IMDb (på engelsk). Henta 2021-07-27. «Lea Mathilde Skar-Myren was born on April 21, 2001 in Oslo, Norway. She is an actress, known for Maxitaxi Driver (2021), Blank (2018) and Allerud VGS (2020).»
  12. «Verdensblikk - Guest Cast». TVmaze (på engelsk). Henta 2021-08-09. «Lea Mathilde Skar-Myren as Allergisk»
  13. «Dottera | Framsyningar». Det Norske Teatret. Henta 2021-08-10.
  14. «Filmer og serier med Lea Mathilde Skar-Myren». VG TV-guide (på norsk). Arkivert frå originalen 2021-07-09. Henta 2021-07-01. «Kjent fra Familien Lykke.» {{cite web}}: Invalid |url-status=yes (hjelp)
  15. «ALSO PARADISUM TEE». ALSO STORE (på engelsk). Henta 2021-08-11.
  16. «Lea Mathilde Skar-Myren - Other Works». IMDb (på engelsk). Henta 2021-08-19. «(2021) Clothing model - Also Worldwide»
  17. 1 2 Åsvestad, Ida Moen. «Aldri i Livet - En oppvekstfilm om lojalitetskonflikt, skuffelse, og et utømmelig håp». Spleis (på norsk). Henta 2021-09-11. «Bachelorfilm ved Westerdals Oslo ACT - Høyskolen Kristiania»
  18. 1 2 Skylstad, Kristian (2021-09-15). «I AM SHADOW I AM GHOST I AM WIND». Frøya Records (på engelsk). Henta 2021-09-21.
  19. 1 2 «Frøya Records presents Kristian Skylstad - I AM GHOST I AM SHADOW I AM WIND». K4galleri (på engelsk). Henta 2021-09-21.
  20. «Lekne videosnutter om «Barndom»». Kreativt Forum (på norsk). Starcom for Norsk filmdistribusjon. 2017-03-09. Henta 2021-08-08. «Lea Mathilde Skar-Myhren»
  21. NORD DDB for Ice (2019-12-20). «Stemmer verdt å lytte til». Kreativt Forum (på norsk). Henta 2021-08-09. «Jeg heter Lea, er 18 år, og bor i Oslo.»