Hopp til innhald

Leah Behn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Leah Isadora Behn)
Leah Behn
StatsborgarskapNoreg
Fødd8. april 2005 (20 år)
Fredrikstad
Yrkeinfluensar, modell
Språknorsk, engelsk
Høgd167 centimeter
Religionkristendom
FarAri Behn
MorMärtha Louise av Noreg

Leah Isadora Behn (fødd 8. april 2005) er ein norsk influensar[1] og modell[2] som er dotter av prinsesse Märtha Louise og forfattaren Ari Behn.

Leah Behn er nummer seks i arverekkja til den norske trona, etter mor si og si eldre syster Maud Angelica. Sidan ho også stammar direkte ned frå dronning Victoria av Storbritannia, står ho også på lista over dei som har arverett til den britiske trona.

Namnet Leah kjem av Leah, som er ei av urmødrene i jødedomen. Namnet Isadora skal tyda «fri, ukonvensjonell og kreativ kvinne». Ifølgje foreldra er namnevalet inspirert av at Ari har reist mykje i Midt-Austen, prinsesse Leia i Star Wars og dansaren Isadora Duncan. Dette fortalde foreldra i samband med dåpen hennar 16. juni 2005, der dronning Sonja var gudmor.

Dekorasjonar

[endre | endre wikiteksten]