Leah Poulos
| Leah Poulos | |
| Statsborgarskap | USA |
| Fødd | 5. oktober 1951 (74 år) Berwyn |
| Idrett | lengdeløp på skeiser |
| Tok del i | Vinter-OL 1972, Hurtigløp på skøyter under Vinter-OL 1980 – 500 meter kvinner, Hurtigløp på skøyter under Vinter-OL 1976 – 1000 meter damer, Hurtigløp på skøyter under Vinter-OL 1980 – 1000 meter damer |
Leah Jean Poulos (fødd 5. oktober 1951) er ein USA-amerikansk tidlegare skeiseløpar frå Berwyn i Illinois som vart verdsmeister i sprint-firkamp i 1974 og 1979.
Aktiv
[endre | endre wikiteksten]Poulos deltok internasjonalt i åra frå 1970 til 1980. Ho representerte USA i sju verdsmeisterskap i firkamp og ti verdsmeisterskap i sprint-firkamp og ved dei olympiske vinterleikane i 1972, 1976 og 1980. Det store gjennombrotet kom då ho i Innsbruck lukkast vinne Skeise-VM 1974 i sprint-firkamp. To år seinare kom ho på andreplass i sprint-VM i Vest-Berlin, slått av suverene Sheila Young. Før den tid, under Vinter-OL 1976 i Innsbruck, vann Poulos sølvmedaljen på 1000-metereren, 0,14 sekund bakom sovjetiske Tatjana Averina. Her vart Poulos elles nummer 4 på 500 m og nr 6 på 1500 m. I 1977 kom ho på sølvplassen ved sprint-VM i Alkmaar, men var over 2 tidspoeng bak kanadiske Sylvia Burka. Vinteren 1979 gjekk Poulos til topps i Sprint-VM 1979 i Inzell. I februar 1980 vart ho for tredje gong nummer 2 i eit sprint-VM, men var sjanselaus mot austtyske Karin Enke som vann med ein margin på over 3 tidspoeng. Berre dagar seinare sikra Poulos seg to sølvmedaljar under Vinter-OL 1980 i Lake Placid. Fyrst la ho beslag på andreplassen på 500 meter, bak Karin Enke, deretter på 1 000 meter, bak Natalja Petrusjova frå Sovjetunionen.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Leah Poulos» frå Wikipedia på nederlandsk, den 9. november 2025.
- Einskildkvinner
- Fødde i 1951
- Skeiseløparar frå USA
- Olympiske sølvmedaljevinnarar for USA
- Olympiske sølvmedaljevinnarar i lengdeløp på skeiser
- USA-amerikanske deltakarar under vinter-OL 1972
- Skeiseløparar under vinter-OL 1972
- Medaljevinnarar under vinter-OL 1976
- USA-amerikanske deltakarar under vinter-OL 1976
- Skeiseløparar under vinter-OL 1976
- Medaljevinnarar under vinter-OL 1980
- USA-amerikanske deltakarar under vinter-OL 1980
- Skeiseløparar under vinter-OL 1980