Leander Engström

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Leander Engström
Leander Engström photo.jpg
Fødd 27. februar 1886
Ytterhogdals församling
Død

6. februar 1927 (40 år)
Oscar församling

Yrke kunstmålar
Sjanger portrett
Leander Engström på Commons

Per Leander Engström (27. februar 18866. februar 1927) var ein svensk målar. Han var særleg kjend for sine måleri med motiv frå Norrland, i form av fargesterke og ekspresjonistiske villmarksskildringar.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Kvinna som broderar

Engström, som var frå Ytterhogdal i Härjedalen, var elev ved Konstnärsförbundets skola i Stockholm 1907-08 og studerte deretter hos Henri Matisse i Paris fram til 1910. «Det var framför allt arbetet med färgen som fängslade Engström»,[1] som fann størst inspirasjon hos målarane Paul Gauguin og Vincent van Gogh, seinare interesserte han seg mest for Paul Cézanne sin kunst.

Engström danna kunstnargruppa De unga saman med andre Matisse-elevar og tilpassa, til liks med kunstnarvenene, den franskinspirerte ekspresjonismen til bilete med svenske motiv. År 1913 hadde han nådd det uttrykket som vart eit kjennemerke på verka hans, «den dekorativa ytan, de stiliserade formerna och de svala, grönblåa färgtonerna».[1]

I mykje av sitt vaksne liv reiste Engström rundt i den norrlendske fjellverda og måla. Abisko var eit av hans favoritt-reisemål, der han også fekk bygt seg eit hus. Perioden 1917-19 måla han dei fleste motiva som han er særleg kjend for, til dømes Andjägare frå 1918.

Nokre år i byrjinga av 1920-talet vitja han periodevis Italia, der han fann ny inspirasjon og ei ny motivverd. Verka frå dei åra er prega av ein meir «nysaklig anda».[1]


Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Den svenska målarkonstens historia. 2001

Fotnotar[endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Den svenska målarkonstens historia s. 220