Leangsfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Leangsfjorden er ein liten fjordarm av Åsenfjorden i Levanger kommune i Trøndelag. Fjorden strekkjer seg 1,5 km nordaustover til grenda Leangan, som han er kalla opp etter.

Fjorden har innløp mellom Tørøya i vest og Hesthåggånebben i aust. På andre sida av Hesthåggånebben går Hoplafjorden austover. Vest for Tørøya ligg Sunndalsfjorden. Den indre delen av Leangsfjorden er delt i to viker av halvøya Litløya.

Riksveg 753 går langs nordsida av fjorden. Koordinatar: 63°36′29″N 10°55′14″E