Lech am Arlberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lech

Lech, av og til Lech am Arlberg, er ein landkommune i distriktet Bludenz i forbundslandet Vorarlberg i Austerrike. Kommunen, som dekker eit areal på 90 km² og har 1 503 ibuarar i 2016, omfattar landsbyane Zürs, Zug, Oberlech, Lech og Stubenbach.

Landsbyen Lech ligg 1444 meter over havet, ved elva Lech og i ein nord/sør-gåande tverdal til hovuddalføra i Vorarlberg.

Kommunen er vidkjend for sine mange alpine skiløyper og er eit mykje søkt turistmål på vinterstid.

Skirennarane Trude Jochum-Beiser, Othmar Schneider, Egon Zimmermann og Gerhard Nenning er/var alle frå Lech.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]