Ledaal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ledaal

Påbegynt1799
Kart
Ledaal
58°58′01″N 5°43′13″E / 58.96695833°N 5.72016944°E / 58.96695833; 5.72016944

Ledaal er ein herregard som ligg på Eiganes i Stavanger. Han vart bygd som ein sumarbustad og lystgard for Kiellandfamilien i perioden 1799 til 1803. I dag er Ledaal ein del av Museum Stavanger, i tillegg til å fungera som kongebustad.[1]

Soge[endre | endre wikiteksten]

Byggherren og eigaren var kjøpmann og hoffagent Gabriel Schanche Kielland og kona hans Johanna Margaretha Bull. Alexander Kielland var oldebarn til Gabriel og Johanna.[2]

Namnet «Ledaal» er sett saman av den siste bokstaven i kvart av namna Gabriel, Schanche, Kielland, Johanna, Margaretha og Bull.

Ledaal vert stundom omtala som ein kunstnarheim av di slektstilknytinga eigarane har til forfattaren Alexander Kielland.[3] Kielland var ofte gjest hjå slektningane sine, og han brukte huset, familien og omgangskretsen dens som modellar i fleire av verka sine. Han budde likevel aldri her.[2]

Eigedomen var tidlegare kjend under namna Egenes løkke B1 og Canaen før han fekk namnet Ledaal.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Ledaal», www.kongehuset.no (på norsk), henta 26. februar 2023 
  2. 2,0 2,1 «Om museet - Ledaal», ledaal.no (på engelsk), henta 26. februar 2023 
  3. Hilde Diesen. Dikterhus. Tell forlag, 1994. (bokhylla.no – fulltekst)
  4. Jan Hendrich Lexow: Ledaal en barokkbygning med nyklassiske detaljer, Stavanger Aftenblad, 1964.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Ledaal
  • Ledaal på nettsida til Museum Stavanger AS
  • Ledaal i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren