Leddyr i kulturen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kreps og to reker av Utagawa Hiroshige, 1835-1845

Leddyr speler mange roller i menneskeleg kultur, sosial åtferd og normer i menneskelege samfunn overført gjennom sosial læring,[1] inkludert som mat og i kunst, soger, mytologi og religion. Mange av desse aspekta gjeld insekt, som er viktige både økonomisk og symbolsk, frå bruken av honningbier til skarabear i det gamle Egypt. Andre kulturelt viktige leddyr er krepsdyr som krabbar, hummarar og kreps, som er populære motiv i kunst, særleg stilleben, og edderkoppdyr som edderkoppar og skorpionar, som har gift som kan ha medisinsk bruk. Krepsen og skorpionen er stjernebilde og astrologiske stjerneteikn i dyrekrinsen.

Gullplakettar som syner biegudinner med venger, kanskje Thriai, funne ved Camiros på Rhodos og datert til 600-talet f.Kr.

Leddyra er ei biologisk rekkje i dyreriket som har føter med ledd. Gruppa omfattar insekt, edderkoppdyr, mangefotingar og krepsdyr.[2] Insekt kan ha mange roller i kulturen, inkludert den direkte bruken sin som mat,[3] innan medisin,[4] til farging[5] og innan vitskapen, der bananfluge (Drosophila melanogaster) har rolla som modellorganisme ved studiar innan genetikk og utviklingsbiologi.[6]

Som mat[endre | endre wikiteksten]

Krepselag i Häringe slott i Sverige i 1991.

Krepsdyr er ei viktig matkjelde, der dei viktigaste sortane er ulike typar tifotkreps: krabbar, hummarar, krepsar og reker. Over 60 % av vekta av alle krepsdyr fanga til konsum er reker. I 2007 stod krepsdyr for rundt 10 700 000 tonn mat. Nesten 80 % blir produsert i Asia, medan Kina åleine produserer nesten halvparten av totalen i verda. Krepsdyr som ikkje er tifotkreps blir ikkje konsumerte så mykje, med berre 118 000 tonn kril fanga, sjølv om kril står for ein av dei største biomassane på jorda.[7][8]

Krabbar utgjer 20 % av alle marine krepsdyr som blir fanga, oppdretta og konsumerte over heile verda, totalt 1,5 millionar tonn årleg. Ein art, Portunus trituberculatus, står for ein femdel av totalen. Andre kommersielt viktige takson er Portunus pelagicus, fleire artar i slekta Chionoecetes, den blå krabben (Callinectes sapidus), Charybdis spp., taskekrabbe (Cancer pagurus), Metacarcinus magister og Scylla serrata, som kvar gjev over 20 000 tonn årleg.[9]

Hummarar blir fanga i teiner merka med bøyer. Ein fiskar etter hummar på djupner mellom 2 og 900 meter, sjølv om nokre av dei lever så djupt som 3 700 meter. Teinene er laga av galvanisert stål dekt med plastikk eller tre. Ein hummarfiskar kan ha ansvar for så mange som 2 000 teiner. Rundt år 2000 byrja ein på grunn av overfiske og stor etterspurnad å utvikla hummaroppdrett.[10] Denne verksemda var vanskeleg å gjera lønsam ettersom hummarar som går saman et kvarandre (kannibalisme), og dei veks sakte.[11]

Ein et insekt i rundt åtti prosent av landa i verda. Mellom 1 000 og 2 000 ulike artar blir etne.[12][13] Insekt brukt til mat ulike stader i verda kan vera sirissar, sikadar, grashopper, maur, ulike billelarvar (til dømes av stor mjølbille)[14] og larvar av ulike sommarfuglar (som Omphisa fuscidentalis, Gonimbrasia belina, silkeorm og voksorm).

Tilreidde fugleedderkoppar i Kambodsja.

Edderkoppdyr som edderkoppar, skorpionar og middar blir også brukte som mat over heile verda.[15] Fugleedderkoppar kan steikast til ein delikatesse i Kambodsja,[16] og blir også etne av piaroafolk frå sørleg Venezuela – før dei kan etast må dei irriterande håra, som er den viktigaste forsvarsmekanismen til dyra, fjernast.[17]

Innan vitskapen[endre | endre wikiteksten]

Insekt har gjeve idear til vitskap og ingeniørfag, til dømes har kjølesystemet til termittuer blitt etterlikna i arkitekturen.[18]

Edderkoppgift er eit mogleg mindre ureinande alternativ til eldre skadedyrmiddel, ettersom dei er dødelege for insekt men som regel ufarlege for virveldyr. Australske Atracidae-edderkoppar er ei lovande kjelde, sidan dei fleste skadegjerande insekt i verda ikkje har hatt mogleik til å utvikla immunitet mot gifta deira, og desse edderkoppane er lette å halda i fangenskap og utvinna gift frå.[19]

Sidan edderkoppsilke både er lett og sterk, er det gjort forsøk på å produsera han via geitemjølk og i lauvet til plantar ved hjelp av gensløyd.[20][21]

I medisin[endre | endre wikiteksten]

Ch'olfolk frå Mexico bruker ein drikk laga av edderkoppen Tliltocatl vagans for ein tilstand dei kallar 'fugleedderkoppluft', der symptoma kan omfatta brystsmerte, astma og hoste. Peptidet GsMtx-4, som finst i gifta til denne edderkoppen, er blitt studert for mogleg bruk mot hjartearytmi, muskeldystrofi og gliom.[22] Nokre moglege medisinske bruksområde for andre edderkoppgifter er hjartearytmi,[23] Alzheimers sjukdom,[24] slag[25] og erektil dysfunksjon.[26]

Folkeminne, mytologi og religion[endre | endre wikiteksten]

Stjernebildet Cancer, krepsen eller krabben, i illustrasjon frå ca. 1825
Mochekrukke med edderkoppbilde, ca. år 300

Leddyr opptrer i folkeminne, mytologi[27] og religion.[28]

Stjernebildet og det astrologiske stjerneteiknet Krepsen har namn etter ein kreps eller krabbe, og er blitt framstilt som desse dyra. William Parsons Rosse teikna Krabbetåka i 1848 og merka seg likskapen hennar med ein krabbe; Krabbe-pulsaren ligg i midten av denne tåka.[29] Mochefolk frå det gamle Peru tilba naturen, særleg havet,[30] og avbilda ofte krabbar i kunsten sin.[31] I gresk mytologi var Karkinos ein krabbe som hjelpte Hydra medan udyret slost mot Herakles. Ein av Rudyard Kipling sine Just So Stories, «The Crab that Played with the Sea», fortel om ein kjempekrabbe som fekk vatnet i havet til å gå opp og ned, som tidvatn.[32]

I den japanske soga «Tawara Tōda Monogatari» drep krigaren Fujiwara no Hidesato ein kjempemessig skolopender, Ōmukade, for å hjelpa ei drakeprinsesse.[33]

To ulike skorpionmotiv som ofte blir vovne inn i tyrkiske kilimar for å verna mot skorpionbitt.

Edderkoppar er blitt omtalte og avbilda i soger, mytologi og kunstverk i mange kulturar.[34] Dei har symbolisert tolmod på grunn av jaktteknikken sin med å laga ein vev og venta på byttedyr, og dessutan vondskap på grunn av dei giftige bita sine.[35] Den italienske dansen tarantella skal visstnok ha blitt dansa for å gjera den unge kvinna som dansa han av med dei lystgjevande effektane til eit bit frå av ulveedderkoppen Lycosa tarantula.[36] Vevspinninga gav også ei tilknyting mellom edderkoppar og ulike skapingssoger, ettersom dei ser ut til å produsera sine eigne verder.[37] Drømmefangarar er gjenskapingar av edderkoppnett. Mochefolket skildra ofte edderkoppar i kunsten sin.[38]

Skorpionen opptrer som stjernebildet og det astrologiske stjerneteiknet Skorpionen i dyrekrinsen. Dette blei skapt av babylonske astronomar rundt 600 f.Kr.[39] I Sør-Afrika og Sør-Asia er skorpionen kulturelt viktig og finst som motiv i kunst, og ein finn han særleg i islamsk kunst frå Midtausten.[40] Eit skorpionmotiv blir ofte vove inn i tyrkiske kilimteppe som vern mot bita deira.[41] Skorpionen kan både vera den personleggjorte vondskapen og ei vernande kraft mot vondskap.[40] I ein annan kontekst kan skorpionen stå for seksualitet.[40] Skorpionar blir brukte i sørasiatisk folkemedisin, særleg som motgift mot skorpionbit.[40] I det gamle Egypt blei gudinna Serket ofte framstilt som ein skorpion, og var ei av fleire gudinner som verna om farao.[42]

Kunst, litteratur og musikk[endre | endre wikiteksten]

Ein finn insekt i kunst,[43] litteratur, film[44] og musikk.

«Lobster Quadrille», eller «The Mock Turtle's Song», er ein song med ein dans til som blir resitert av Mock Turtle i Alice's Adventures in Wonderland.[45]

Surrealistkunstnaren Salvador Dalí laga ein skulptur kjend som Hummartelefon med ein hummar i staden for talerøyret.[46] Den surrealistiske filmskaparen Luis Buñuel brukte skorpionar i den klassiske filmen sin L'Age d'or (1930).[47]

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Macionis, John J.; Gerber, Linda Marie (2011). Sociology. Pearson Prentice Hall. s. 53. ISBN 978-0137001613. OCLC 652430995. 
  2. Ortega-Hernández, J. (2016). «Making sense of 'lower' and 'upper' stem-group Euarthropoda, with comments on the strict use of the name Arthropoda von Siebold, 1848». Biological Reviews 91 (1): 255–273. PMID 25528950. doi:10.1111/brv.12168. 
  3. Meyer-Rochow V.B., Nonaka K., Boulidam S. (2008). «More feared than revered: Insects and their impacts on human societies (with specific data on the importance of entomophagy in a Laotian setting». Entomologie Heute 20: 3–25. 
  4. Chakravorty J., Ghosh S., Meyer-Rochow V.B. (2011). «Practices of entomophagy and entomotherapy by members of the Nyishi and Galo tribes, two ethnic groups of the state of Arunachal Pradesh (North-East India)». Journal of Ethnobiology and Ethnomedicine 7: 5. PMC 3031207. PMID 21235790. doi:10.1186/1746-4269-7-5. 
  5. «Cochineal and Carmine». Major colourants and dyestuffs, mainly produced in horticultural systems. FAO. Henta June 16, 2015. 
  6. Pierce, BA (2006). Genetics: A Conceptual Approach (2nd utg.). New York: W.H. Freeman and Company. s. 87. ISBN 978-0-7167-8881-2. 
  7. «FIGIS: Global Production Statistics 1950–2007». Food and Agriculture Organization. Henta February 24, 2010. 
  8. Steven Nicol; Yoshinari Endo (1997). Krill Fisheries of the World. Fisheries Technical Paper 367. Food and Agriculture Organization. ISBN 978-92-5-104012-6. 
  9. «Global Capture Production 1950-2004». Food and Agriculture Organization. Henta August 26, 2006. 
  10. Asbjørn Drengstig; Tormod Drengstig; Tore S. Kristiansen. «Recent development on lobster farming in Norway – prospects and possibilities». UWPhoto ANS. Arkivert frå originalen 2003-10-04. 
  11. «Riddles, Trivia and More». Gulf of Maine Research Institute. 24. februar 2012. Henta 23. juli 2012. 
  12. Carrington, Damian (1 August 2010). «Insects could be the key to meeting food needs of growing global population». The Guardian. 
  13. Ramos-Elorduy, Julieta (2009). «Anthropo-Entomophagy: Cultures, Evolution And Sustainability». Entomological Research 39 (5): 271–288. doi:10.1111/j.1748-5967.2009.00238.x. 
  14. Global Steak - Demain nos enfants mangeront des criquets (fransk dokumentar frå 2010)
  15. E.M. Costa-Neto, N.T. Grabowski (27 November 2020): Edible arachnids and myriapods worldwide – updated list, nutritional profile and food hygiene implications. In: Journal of Insects as Food and Feed: 0 (0), s. 1-20. doi: https://doi.org/10.3920/JIFF2020.0046
  16. Ray, N. (2002). Lonely Planet Cambodia. Lonely Planet Publications. s. 308. ISBN 978-1-74059-111-9. 
  17. Weil, C. (2006). Fierce Food. Plume. ISBN 978-0-452-28700-6. Arkivert frå originalen 2011-05-11. Henta 3. oktober 2008. 
  18. «Termite research». esf.edu. Henta 23. juli 2012. 
  19. «Spider Venom Could Yield Eco-Friendly Insecticides». National Science Foundation (USA). Henta 11. oktober 2008. 
  20. Hinman, M. B.; Jones J. A.; Lewis, R. W. (2000). «Synthetic spider silk: a modular fiber» (PDF). Trends in Biotechnology 18 (9): 374–9. PMID 10942961. doi:10.1016/S0167-7799(00)01481-5. Arkivert frå originalen (PDF) 2008-12-16. Henta 3. juli 2016. 
  21. Menassa, R.; Zhu, H.; Karatzas, C. N.; Lazaris, A.; Richman, A.; Brandle, J. (2004). «Spider dragline silk proteins in transgenic tobacco leaves: accumulation and field production». Plant Biotechnology Journal 2 (5): 431–8. PMID 17168889. doi:10.1111/j.1467-7652.2004.00087.x. 
  22. M'Rabet, Salima Machkour; Hénaut, Yann; Winterton, Peter; Rojo, Roberto (2011). «A case of zootherapy with the tarantula Brachypelma vagans Ausserer, 1875 in traditional medicine of the Chol Mayan ethnic group in Mexico». Journal of Ethnobiology and Ethnomedicine 7: 12. PMC 3072308. PMID 21450096. doi:10.1186/1746-4269-7-12. 
  23. Novak, K. (2001). «Spider venom helps hearts keep their rhythm». Nature Medicine 7 (155): 155. PMID 11175840. doi:10.1038/84588. 
  24. Lewis, R. J.; Garcia, M. L. (2003). «Therapeutic potential of venom peptides» (PDF). Nature Reviews Drug Discovery 2 (10): 790–802. PMID 14526382. doi:10.1038/nrd1197. Arkivert frå originalen (PDF) 2008-12-16. Henta 3. juli 2016. 
  25. Bogin, O. (Spring 2005). «Venom Peptides and their Mimetics as Potential Drugs» (PDF). Modulator (19). Arkivert frå originalen (PDF) 2008-12-09. Henta 3. juli 2016. 
  26. Andrade E.; Villanova F.; Borra P.; Leite, Katia; Troncone, Lanfranco; Cortez, Italo; Messina, Leonardo; Paranhos, Mario; Claro, Joaquim (2008). «Penile erection induced in vivo by a purified toxin from the Brazilian spider Phoneutria nigriventer». British Journal of Urology International 102 (7): 835–7. PMID 18537953. doi:10.1111/j.1464-410X.2008.07762.x. 
  27. Gullan, P. J.; Cranston, P. S. (2009). The Insects: An Outline of Entomology. John Wiley & Sons. s. 9–13. ISBN 978-1-4051-4457-5. 
  28. Balée William (2000). «Antiquity of Traditional Ethnobiological Knowledge in Amazonia: a Tupí–Guaraní Family and Time». Ethnohistory 47 (2): 399–422. doi:10.1215/00141801-47-2-399. 
  29. B.B. Rossi (1969). The Crab Nebula: Ancient History and Recent Discoveries. Center for Space Research, Massachusetts Institute of Technology. CSR-P-69-27. 
  30. Elizabeth Benson (1972). The Mochica: A Culture of Peru. New York, NY: Praeger Press. ISBN 978-0-500-72001-1. 
  31. Katherine Berrin; Larco Museum (1997). The Spirit of Ancient Peru:Treasures from the Museo Arqueológico Rafael Larco Herrera. New York: Thames and Hudson. s. 216. ISBN 978-0-500-01802-6. 
  32. Kipling, Rudyard (1902). «The Crab that Played with the Sea». Just So Stories. Macmillan. 
  33. de Visser, D. M. (1913). The Dragon in China and Japan. J. Müller. s. 191–192. 
  34. De Vos, Gail (1996). Tales, Rumors, and Gossip: Exploring Contemporary Folk Literature in Grades 7–12. Libraries Unlimited. s. 186. ISBN 978-1-56308-190-3. 
  35. Garai, Jana (1973). The Book of Symbols. New York: Simon & Schuster. ISBN 978-0-671-21773-0. 
  36. Ettlinger, Ellen (1965). Review of "La Tarantella Napoletana" by Renato Penna (Rivista di Etnografia), Man, Vol. 65. (Sep. – Oct., 1965), p. 176.
  37. De Laguna, Frederica (2002). American Anthropology: Papers from the American Anthropologist. University of Nebraska Press. s. 455. ISBN 978-0-8032-8280-3. 
  38. Berrin, Katherine & Larco Museum. The Spirit of Ancient Peru: Treasures from the Museo Arqueológico Rafael Larco Herrera. New York: Thames and Hudson, 1997.
  39. Gary A. Polis (1990). The Biology of Scorpions. Stanford University Press. s. 462. ISBN 978-0-8047-1249-1. 
  40. 40,0 40,1 40,2 40,3 Jürgen Wasim Frembgen (2004). «The scorpion in Muslim folklore» (PDF). Asian Folklore Studies 63 (1): 95–123. 
  41. Erbek, Güran (1998). Kilim Catalogue No. 1. May Selçuk A. S. Edition=1st. 
  42. Mark, Joshua J. «Serket». World History Encyclopedia. Henta 4. juli 2016. 
  43. Gough, Andrew. «The Bee Part 2 Beewildered». Henta 23. juli 2012. 
  44. «Ladybug Ladybug (1963)». Henta 23. juli 2012. 
  45. «The Lobster-quadrille». The LIterature Network. Henta 3 July 2016. 
  46. Lobster Telephone in the collection of Tate Liverpool, London. Accessed 27-01-2010.
  47. Allen S. Weiss (1996). «Between the sign of the scorpion and the sign of the cross: L'Age d'or». I Rudolf E. Kuenzli. Dada and Surrealist Film. MIT Press. s. 159–175. ISBN 978-0-262-61121-3. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedium som gjeld: Leddyr i kulturen