Ledincisjøen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ledincisjøen
innsjø
Jezero01.jpg
Land Flag of Serbia.svg Serbia
Innsjøtype kunstig
Utløp ingen
Høgd over havet 290 moh
Lengd 0,400 km
Breidd 0,100 km
Areal 0,04 km²
Middeldjupn 15 m
Koordinatar 45°9′55″N 19°48′14″EKoordinatar: 45°9′55″N 19°48′14″E
Wikimedia Commons: Lake of Ledinci

Ledincisjøen (serbisk: Ledinačko jezero - Лединачко језеро) er ein liten kunstig innsjø i fjellet Fruška Gora, nær Novi Sad, i regionen Srem i Serbia.

Innsjøen vart skapt under NATO-bombinga av Jugoslavia i 1999, då forlatne pumper ved steinbrotet Srebro vart øydelagd og vatnet fylte seg opp. Innsjøen har ikkje noko utsig og veks stadig. I dag er djupna 50 meter og det er venta at han vil verte ein trugsel for landsbyen Stari Ledinci. Det er lagt fram planar om å lage fleire kanalar som vill føre vatnet ut til fleire andre kunstige innsjøar i Fruška Gora.

Innsjøen har eit areal på 4 hektar og er omgjeven av bratte klipper, bortsett frå ei slak side. Innsjøen er om lag 400 meter lang og opp mot 100 meter på det breiaste. Middeldjupna er 15 meter. Han ligg om lag 300 meter over havet og inneheld grønt og klårt vatn, på grunn av konstant tilførsel av vatn.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]