Lee Evans

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lee Evans


Statsborgarskap USA
Fødd 25. februar 1947
Madera
Død

19. mai 2021 (74 år)
Lagos

Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1968

Utmerkingar

Fulbright-programmet

Lee Edward Evans (25. februar 194719. mai 2021) var ein USA-amerikansk friidrettsutøvar frå Madera County i California som vann gull både på 400 meter og 4 x 400 m stafett under Sommar-OL 1968 i Mexico.

Evans vann AAU-meisterskapen på 440 yards både i 1966 og 1967. Den fyrste verdsrekorden var han med å setje i 1966 i Los Angeles. Han sprang då ein av etappane på USA sitt stafettlag i 4 x 400 m stafett, eit lag som fekk notert tida 2.59,6.

I 1968 sprang Evans inn til sin tredje AAU-triumf på spesialdistansen og vann også NCAA-tittelen (studentmeisterskapen) på 400 meter. Den 31. august sigra han 400 m då USA heldt uttakingsstemne til sommarleikane 1968, eit stemne som fann stad i South Lake Tahoe i California, ein plass like høgt over havet som Mexico-byen. I meir enn 2 200 meter over havet vann Evans løpet på tida 44,06, offisielt 44,0, og fortbetra dermed verdsrekorden med fire tidels sekund. Under sjølve OL i Mexico-byen seks veker seinare tangerte han sin eigen verdsrekord på 400 meter i kvalifiseringsheatet med tida 44,0. I OL-finalen forbetra han rekorden til 43,86 sekundar og vann gullmedaljen framom landsmennene Larry James og Ron Freeman. Få dagar seinare vann dei same tre utøvarane og startmann Vince Matthews OL-gull på 4 x 400 m stafett, etter å ha sett verdsrekord med den fabelaktige tida 2.56,1. Begge desse verdsrekordane frå Mexico-OL gjaldt til 1988.

I 1969 vann Evans AAU-meisterskapen på 400 meter for fjerde året på rad, og i 1972 tok han sin femte og siste AAU-siger. Han var tiltenkt plass i USA sitt lag i 4 x 400 m stafett under Sommar-OL 1972 i München, men utestengingar og skade på lagkameratar hindra USA å stille lag.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]