Lee Kyu-hyuk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lee Kyu-hyuk


Statsborgarskap Sør-Korea
Fødd 16. mars 1978 (46 år)
Seoul
Idrett lengdeløp på skeiser
Tok del i

Vinter-OL 2006, Vinter-OL 2010, Vinter-OL 2014, Vinter-OL 1994, Vinter-OL 1998, Vinter-OL 2002

Lee Kyu-hyuk (fødd 16. mars 1978) er ein sørkoreansk tidlegare skeiseløpar frå Seoul. Han vart sprintverdsmeister i 2007, 2008, 2010 og 2011.

Lee deltok i Vinter-OL 1994Lillehammer som 16-åring, og var med i sine femte olympiske vinterleikar 16 år seinare. Fjerdeplassen på 1000 m under Vinter-OL 2006 i Torino var hans fremste OL-prestasjon. Same året vart han han nummer fire også i sprint-VM i Heerenveen.

Både ved sprint-VM 2007 på Hamar og 2008 i Heerenveen lukkast Lee å gå heilt til topps. Begge triumfane kom etter tett og jamn kamp mot høvesvis Pekka Koskela frå Finland og Jeremy Wotherspoon frå Canada. Vinteren 2009 kunne Lee ha vorte den fyrste utøvaren på 16 år til å vinne tre sprint-VM på rad, men han fall på den siste distansen i sprint-VM 2009.

I 2010 vann Lee i japanske Obihiro sprint-VM for tredje gong, og sesongen etter tok han sin fjerde meistertittel i sprint-VM i Heerenveen. Begge gongane hadde han hardast konkurranse frå ein landsmann; Lee Kang-seok i Obihiro og Mo Tae-bum i Heerenveen. Ved sprint-VM 2012 var han nær ved å vinne sitt femte VM-gull i sprint, men ein sterk siste 1000 meter av nederlendaren Stefan Groothuis sende han ned på andreplass.

Lee sette to verdsrekordar, begge i Calgary. Den 23. november 1997 vart han klokka inn til 1.10,42 på 1000 meter og 15. mars 2001 fekk han notert 1.45,20 på 1500 meter. Perioden 2007-11 vann han fire medaljar (1-2-1) i VM i enkeltløp, tre medaljar kom på 500 m og ein bronse kom på 1000 m.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]