Leer
Utsjånad
Leer | |||
by | |||
|
|||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Areal | 70,11 km² | ||
Folketal | 35 163 (31. desember 2023) | ||
![]() Leer 53°13′51″N 7°27′10″E / 53.230833333333°N 7.4527777777778°E | |||
Wikimedia Commons: Leer (Ostfriesland) |
Leer er ein by og ein kommune i Ostfriesland, nordvest i forbundslandet Niedersachsen i Tyskland. Byen hyser administrasjonen i Landkreis Leer. Med eit folketal på 34 000 er kommunen den tredje største i Ostfriesland, etter Emden og Aurich.
Leer ligg ved elvane Ems og Leda og har i hundreår vore prega av sjøfart og handel. Mange tyske reiarlag har kontor i byen. Bünting, eit stort firma innom varehandel, har hovudkontor i Leer.
Gamlebyen utmerker seg med mange godt ivaretekne bygningar. Fire slott, talrike byhus og kyrkjer frå ulike hundreår finst i byen.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Leer (Ostfriesland)» frå Wikipedia på tysk, den 12. mars 2025.