Leeuwinstraumen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Havstraumar rundt Australia.

Leeuwinstraumen er ein varm havstraum som flyt sørover nær vestkysten av Australia. Han rundar Kapp Leeuwin og går inn i farvatnet sør for Australia og strekkjer seg heilt til Tasmania. Vestaustraliastraumen sør i Indiahavet og Den søraustralske motstraumen sør for Tasmania, vert skapt av vestavindsbeltet sør i Indiahavet, renn i motsett retning.

Han varierer i styrke gjennom året og er svakaste i sommarmånadane frå november til mars når vinden bles sterkt frå sørvest og nordover. Straumen er sterkast på hausten og vinteren (mars til november), når dei motsette vindane er svakast. Fordamping frå Leeuwinstraumen i denne perioden medverkar i stor grad til nedbøren som fell sørvest i Vest-Australia.

Typisk har Leeuwinstraumen ein snøggleik på om lag 1 knop, og den største snøggleiken som er registrert er 3,5 knop. Straumen er forholdsvis grunn og går ned til om lag 300 meter djupne.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]