Leevan Sands

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Leevan Sands

Leevan Sands fødd 16. august 1981 er ein bahamansk tresteghoppar frå Nassau. Han vann bronsemedaljen i øvinga i VM 2003 og i OL 2008.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Våren 2002 sette Sands personleg rekord med eit tresteghopp på 17,50 meter under eit stemne i Odessa i delstaten Texas i USA. Han vart tredjemann i øvinga i så vel samveldeleikane 2002 i Manchester, som under verdsmeisterskapen 2003 i Paris/Saint-Denis. I VM 2005 vart Sands nummer fire, ein centimeter bak bronsemedaljør Marian Oprea frå Romania.

Under OL-finalen 2008 presterte Sands i tredje omgang sitt livs lengste tresteghopp på 17,59 meter. Med det hoppet vann han bronsen, 8 cm bak Nelson Évora og 3 cm bak Phillips Idowu. I dei komande store meisterskapane enda han som nummer 4 i VM 2009, nummer 7 i VM 2011 og nummer fem i OL 2012.

Leevan Sands i hoppet

Doping[endre | endre wikiteksten]

I februar 2006 testa Sands positivt på middelet levometamfetamin og vart straffa med seks månaders utestenging frå idretten grunna brot på doping-vedtektene.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]