Leftoverture

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Leftoverture
Studioalbum av Kansas
Utgjeve 21. oktober 1976
Innspelt Desember 1975 til august 1976
Studio Studio in the Country i Bogalusa i Louisiana
Sjanger Progressiv rock
Lengd 43:40
Selskap Kirshner (USA)
Epic (Europe and Japan)
CBS (Oceania)
Produsent Jeff Glixman, Kansas
Kansas-kronologi
Masque
(1975)
Leftoverture Point of Know Return
(1977)


Singlar frå Leftoverture
  1. «Carry On Wayward Son»
    Utgjeve: 19. november 1976
  2. «What's on My Mind»
    Utgjeve: 1977

Leftoverture er det fjerde studioalbumet til det amerikanske rockebandet Kansas, gjeve ut i 1976. Det var det første albumet til bandet som selte til gullplate og er til no det bestseljande albumet deira med over 5 millionar selte eksemplar i USA.[1]

Albumet kom ut med ommastra lyd i 2001.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Steve Walsh fekk skrivesperre før innspelinga av albumet, så bidraga hans er avgrensa til medlåtskrivar på tre songar. Kerry Livgren måtte derfor fylle resten av albumet.[2] Dei nye komposisjonane hadde mykje av den same kompleksiteten inspirert av klassisk musikk, som tidlegare songar av Livgren.[2] Kansas spelte inn albumet i Studio in the Country i Bogalusa i Louisiana. Studio in the Country fekk dette namnet fordi, som Livgren skildra i eit radioprogram, «det låg midt ein sump. Når me gjekk ut døra i studio låg det alligatorar der, med mygg på storleik av B-52-fly og stundom beltedyr som sprang inn i kontrollrommet.»[3]

Leftoverture opnar med songen «Carry On Wayward Son», som Livgren skreiv som ein oppfølgjar til «The Pinnacle», den siste songen på det førre albumet, Masque (1975).

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic3.5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar half.svgStar empty.svg[4]
Christgau's Record GuideD+[5]
MusicHound Rock4/5[6]

Albumet fekk middels kritikk. Rolling Stone kalla Leftoverture det beste Kansas-albumet til då og sa at det «garanterer Kansas ein stad rett ved siden av Boston og Styx som ei av dei ferske, nye amerikanske banda som kombinerer hardtkøyrande instrumentering (utan prangande soloar) med korte, stramme melodilinjer og hyggeleg song.»[7] Magasinet Playboy kalla albumet «særs sterkt» og rosa Kansas for å representere «dei solide verdiane frå Midtvesten i vår enorme musikalske kjerne.»[8] Robert Christgau sa at albumet mangla intelligensen og overtydinga til europeisk progressiv rock, og at den sjølvutslettande humoren som var implisert i titlane på songane og albumet ikkje var å sjå i sjølve songane.[5]

Stephen Thomas Erlewine i AllMusic skreiv at albumet inneheld «verken knaggar eller nok stordom til å vere interessant» og trass i den flotte singelen «Carry On Wayward Son», er det faktum at Kansas «aldri klarer å konkurrere med denne andre stader på denne plata, like mykje eit vitnesbyrd om den lammande ambisjonen deira som den manglande dugleiken.»[4] Ultimate Classic Rock reknar «Carry On Wayward Son», «Magnum Opus», «The Wall», «What's on My Mind» og «Opus Insert» som klassikarar.[9]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Kerry Livgren utanom der andre er nemnde.

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Carry On Wayward Son» 5:23
2.«The Wall»Livgren, Steve Walsh4:51
3.«What's on My Mind» 3:28
4.«Miracles Out of Nowhere» 6:28
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
5.«Opus Insert» 4:30
6.«Questions of My Childhood»Walsh, Livgren3:40
7.«Cheyenne Anthem» 6:55
8.«Magnum Opus»
  • a. «Father Padilla Meets the Perfect Gnat»
  • b. «Howling at the Moon»
  • c. «Man Overboard»
  • d. «Industry on Parade»
  • e. «Release the Beavers»
  • f. "Gnat Attack»
Livgren, Walsh, Rich Williams, Dave Hope, Phil Ehart, Robby Steinhardt8:25
Bonusspor på 2001-utgåva
Nr.TittelLengd
9.«Carry On Wayward Son» (live i Pine Knob Music Theatre, Michigan)4:43
10.«Cheyenne Anthem» (live i The Palladium i New York City i desember 1977)6:41

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kansas
Andre medverkande
  • Toye LaRocca, Cheryl Norman - barnestemmer på «Cheyenne Anthem»
Produksjon

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Album
År Liste Plassering
1977 RPM100 Albums (Canada)[10] 2
Billboard 200 (USA)[11] 5

Singlar
År Title Liste Plassering
1977 «Carry On Wayward Son» RPM100 Singles (Canada)[12] 5
Billboard Hot 100 (USA)[13] 11
1978 UK Singles Chart[14] 51
1977 «What's on My Mind» RPM100 Singles (Canada)[15] 89

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Land Organisasjon År Sal
USA RIAA 1995 4x Platina (+ 4 000 000)[1]
Canada CRIA 1978 Platina (+ 100 000)[16]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «RIAA Gold & Platinum Database: Search for Kansas». Recording Industry Association of America. Henta 23. mai 2020. 
  2. 2,0 2,1 Wild, David (2001). Leftoverture (CD Booklet). Kansas. New York City: Legacy Recordings. s. 3. EK 85386. 
  3. «Kansas-Leftoverture- Phil Ehart, Richard Williams, Kerry Livgren». In the Studio with Redbeard. Henta 23. mai 2020. 
  4. 4,0 4,1 Erlewine, Stephen Thomas. «Kansas - Leftoverture review». AllMusic. All Media Network. Henta 23. mai 2020. 
  5. 5,0 5,1 Christgau, Robert (1981). «Consumer Guide '70s: K». Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies. Ticknor & Fields. ISBN 089919026X. Henta 23. mai 2020 – via robertchristgau.com. 
  6. Graff, Gary (1996). «Kansas: Leftoverture». MusicHound Rock: The Essential Album Guide. Canton, Michigan: Visible Ink Press. ISBN 978-0787610371. Henta 23. mai 2020. 
  7. Niester, Alan (27. januar 1977). «Album Reviews: Kansas - Leftoverture». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 22. februar 2008. Henta 23. mai 2020. 
  8. «Kansas: Leftoverture». Playboy. July 1977. Henta 23. mai 2020. 
  9. https://ultimateclassicrock.com/kansas-leftoverture/
  10. «Top Albums/CDs - Volume 27, No. 3, 16. april 1977». Library and Archives Canada. 16. april 1977. Henta 23. mai 2020. 
  11. «Kansas Chart History: Billboard 200». Billboard.com. Billboard. Henta 23. mai 2020. 
  12. «Top Singles - Volume 27, No. 1, 2. april 1977». Library and Archives Canada. 2. april 1977. Henta 23. mai 2020. 
  13. «Kansas Chart History: Hot 100». Billboard.com. Billboard. Henta 24. desember 2017. 
  14. «Kansas Official Charts». Official Charts Company. Henta 23. mai 2020. 
  15. «Top Singles - Volume 27, No. 17, 23. juli 1987». Library and Archives Canada. 23. juli 1977. Henta 23. mai 2020. 
  16. «Gold Platinum Search for Kansas». Music Canada. Henta 22. mai 2020.