Legacy av Poco

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Legacy
Studioalbum av Poco
Utgjeve 23. september 1989
Studio Capitol Studios, Hollywood; Ocean Way Studios, Los Angeles; Studio 55, Los Angeles; mixed at Lion Share, Los Angeles
Sjanger Countryrock
Lengd 43:22
Selskap RCA
Produsent David Cole (utanom «Nothin’ to Hide» av Richard Marx)
Poco-kronologi 
Inamorata
(1984)
Legacy Running Horse
(2002)


Legacy er det 17. studioalbumet til det amerikanske countryrockbandet Poco, gjeve ut i 1989. Albumet samla dei fem originale medlemmane i gruppa (frå debutalbumet Pickin' Up the Pieces) og inneheld to topp 40-singlar, «Call It Love» og «Nothin' to Hide».

Legacy var det andre albumet til Poco som selde til gullplate.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Etter ein lengre pause frå studio, dukka bandet opp att, etter oppfordring frå Richard Marx og manageren hans Allen Kovac, som no tok over Poco, på RCA med det suksessrike Legacy (1989), med dei originale medlemmane Young, Furay, Messina, Grantham og Meisner, tjue år etter debutplata til Poco. Sjølv om Timothy B. Schmit og Paul Cotton òg vart spurte om å bli med på prosjektet, avslo Schmit, medan Cotton, som var oppteken med solokarrieren sin, vart kjøpt ut av gruppa og det enda opp med å bli berre dei fem originale musikarane. Albumet gav dei ein topp 20-hit, «Call It Love», hausten 1989, og ein ny topp 40-hit, «Nothing to Hide», tidleg i 1990, som gav Poco det andre gullalbumet deira. Dette var det 19. albumet deira totalt.

Gruppa fekk inn ein ny klaverspelar, Dave Vanacore, og turnerte tidleg i 1990 som oppvarmingsartist for Marx. Furay, som no var blitt prest i ei kyrkje i Colorado, måtte så trekkje seg på grunn av pliktene sine, og Poco turnerte sommaren 1990 med Jack Sundrud attende som rytmegitarist for Furay.

Trass gullplata og to hitsinglar, klarte uheldigvis ikkje gruppa å tene mykje pengar på turneen i 1990. Eit av problema var at dei var hyra inn til å spele på militærbasar, som viste seg å vere stort sett tomme, fordi soldatane var blitt sende til Persiabukta og Gulfkrigen. RCA enda opp med å droppe dei frå stallen sin og innspelinga for ein oppfølgjar til Legacy vart skrinlagd.

I 1991 turnerte Poco som ein akustisk trio med Young, Messina og Meisner (trommeslagaren Gary Mallaber vart med dei for nokre konsertar i Japan i juli). Mot slutten av 1991 hadde Messina og Meisner slutta for å satse på dei individuelle karrierane sine.

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic3/5 stars[1]
Encyclopedia of Popular Music4/5 stars[2]

Allmusic skreiv om albumet: «Synginga er upåklageleg, spelinga er fantastisk - kanskje litt for bra - og i motsetnad til mange sameiningsprosjekt av dette slaget er songane så gode som nokon dei nokon gong spelte inn. Den einaste feilen, om ein kan kalla det for det, er den moderne stilen og produksjonen. Spelinga er høglydt og presis, og ofte vakker, men stundom òg mekanisk og sjellaus samanlikna med dei eldre innspelingane deira. Den særs lidenskapelege synginga veg i stor grad opp for dette.»[1]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

LP-utgåve[endre | endre wikiteksten]

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«When It All Began»Steve Pasch, Anthony M. Krizan,Richie Furay, Scott Sellen3:36
2.«Call It Love»Ron Gilbeau, Billy Crain, Rick Lonow4:17
3.«The Nature of Love»Jeff Silbar, Tommy Stephenson4:03
4.«What Do People Know»Rusty Young3:52
5.«Follow Your Dreams»Messina2:56
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
6.«Rough Edges»Young, Radney Foster, Bill Lloyd3:08
7.«Nothin’ to Hide»Richard Marx, Bruce Gaitsch5:12
8.«Who Else»Young, Mike Noble4:01
9.«Lovin’ You Every Minute»Messina, Michael Brady3:10
10.«If It Wasn’t for You»Furay, Scott Sellen4:16

CD-utgåva[endre | endre wikiteksten]

Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«When It All Began»Steve Pasch, Anthony M. Krizan, Richie Furay, Scott Sellen3:36
2.«Call It Love»Ron Gilbeau, Billy Crain, Rick Lonow4:17
3.«The Nature of Love»Jeff Silbar, Van Stephenson4:03
4.«What Do People Know»Rusty Young3:52
5.«Nothin’ to Hide»Richard Marx, Bruce Gaitsch5:12
6.«Look Within»Messina5:03
7.«Rough Edges»Young, Radney Foster, Bill Lloyd3:08
8.«Who Else»Young, Mike Noble4:01
9.«Lovin’ You Every Minute»Messina, Michael Brady3:10
10.«If It Wasn’t for You»Furay, Scott Sellen4:16
11.«Follow Your Dreams»Messina2:56

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Poco[endre | endre wikiteksten]

  • Jim Messina - gitar, vokal, solovokal på «Follow Your Dreams,» «Lovin' You Every Minute» og «Look Within»[3]
  • Richie Furay - gitar, 12-strengsgitar, vokal, solovokal på «When It All Began» og «If It Wasn't for You»
  • Rusty Young - steelgitar, banjo, dobro, gitar, piano, vokal, solovokal på «Call It Love,» «What Do People Know» og «Who Else»
  • Randy Meisner - bass, vokal, solovokal på «The Nature of Love», «Rough Edges» og «Nothin' to Hide»
  • George Grantham - trommer, vokal

Andre[endre | endre wikiteksten]

Produksjon[endre | endre wikiteksten]

  • Produsent: David Cole utanom «Nothin’ To Hide» av Richard Marx
  • Lydteknikar: David Cole, Peter Doell, Rick Holbrook, Steve Holroyd, assistert av Ken Felton, Jesse Kanner

Kjelder[endre | endre wikiteksten]