Legend av Poco

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Legend
Studioalbum av Poco
Utgjeve November 1978
Innspelt April-august 1978
Studio Crystal Sound Studios (Hollywood)
Sjanger Countryrock
Lengd 37:54
Selskap ABC
Produsent Richard Sanford Orshoff
Poco-kronologi 
Indian Summer
(1977)
Legend Under the Gun
(1980)


Singlar frå Legend
  1. «Crazy Love»
    Utgjeve: Januar 1979
  2. «Heart of the Night»
    Utgjeve: Mai 1979
  3. «Legend»
    Utgjeve: September 1979

Legend er det ellevte studioalbumet til det amerikanske countryrockbandet Poco, gjeve ut i 1978.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Etter at ABC Records skrinla det planlagde 13. albumet til Poco, konsertalbumet The Last Roundup i 1977, gjekk dei tre attverande medlemmane i bandet: Rusty Young, Paul Cotton og George Grantham med på å leggje Poco på hylla som plateartist, etter at Timothy B. Schmit slutta. I 1978 valde Young, som var med å skipe Poco i 1968, og Cotton, som hadde vore i Poco sidan 1970, å skipe ein ny duo, og ABC Records gjekk med på å la dei spele inn debutalbumet som Cotton-Young Band. Grantham ønskte å ta seg ein pause. Sjølv om Poco hadde produsert seks studioalbum sjølv og gjeve ut eit konsertalbum mellom 1974 og 1977, valde Cotton og Young å la Cotton-Young Band-innspelingane sommaren 1978 i Crystal Sound Studio i Hollywood bli styrt av Richard Sanford Orshoff. Dei meinte at ein ekstern produsent kunne ta seg av innspelingsprosessen, medan Cotton og Young kunne fokusere på songane sine.[1] Young og Cotton fekk med seg Britons Steve Chapman (trommer) og Charlie Harrison (bass, korvokal) på desse innspelingane.

Då albumet skulle kome ut i november 1978 snudde ABC Records og ønskte at albumet dei hadde spelt inn skulle gjevast ut som eit Poco-album. Så sjølv om Grantham aldri i røynda hadde slutta i Poco, var han brått ute av bandet. Etter ein periode med McGuinn, Clark & Hillman, byrja han å spele som trommeslagar for Ricky Skaggs.

Etter å ha lagt åtte veker på nedre halvdel av Billboard 200-lista i USA, skaut Legend oppover lista i januar 1979, etter at singelen «Crazy Love» vart ein moderat hit som til slutt nådde 17. plassen på Billboard Hot 100.[2] Legend klatra til slutt til 14. plassen i april 1979,[3] og selde til gullplate for 500 000 selde eksemplar.[4]

Legend inneheld òg ein annan topp 20-hit i USA: «Heart of the Night», skriven og sungen av Paul Cotton. «Crazy Love» var blitt skriven og sungen av Rusty Young.[5]

Plateomslaget til Legend vart laga av Phil Hartman, broren til Poco-manageren John Hartmann.[6]

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic3.5/5 stars[7]
Encyclopedia of Popular Music3/5 stars[8]

Meldingane om Legend då det kom ut nemnde typisk korleis albumet gjekk lenger bort frå countryrock-stilen sin: The Philadelphia Inquirer meinte at Poco hadde byrja å «leggje vekt på ein særs smakfull poprock, fint utført med sterk vokal og vakre harmoniar.»[9] Stuart Goldman i LA Times var mindre imponert over den nye retninga deira: «Songane på Legend er godt skrivne. Knaggane er sterk og gitarsoloane konsise. Men til slutt vert det uinspirert og andelaust. Borte er dei høgtflygande steelgitarlinjene til Young og den ultratynne røysta til Cotton vert raskt irriterande.»[10]

I meldinga si for Allmusic skreiv Bruce Eder: «Når ein lyttar til deler av dette albumet, får ein kjensla av at med Charlie Harrison (bass, harmonivokal) og Steve Chapman (trommer) i gruppa, endra Poco stilen sin til det Eagles gjekk gjennom då Joe Walsh kom inn, til eit langt meir rocka territorium..» Han kalla «Heart of the Night» «ein av dei betre snogane dei skreiv.»[7]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Boomerang»Paul Cotton3:48
2.«Spellbound»Rusty Young5:13
3.«Barbados»Paul Cotton3:31
4.«Little Darlin’»Rusty Young3:47
5.«Love Comes Love Goes»Rusty Young3:55
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
6.«Heart of the Night»Paul Cotton4:49
7.«Crazy Love»Rusty Young2:55
8.«The Last Goodbye»Rusty Young5:40
9.«Legend»Rusty Young4:16

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

  • Paul Cotton – gitar, vokal
  • Rusty Young – steelgitar, gitar, vokal
  • Charlie Harrison – bass, vokal
  • Steve Chapman – trommer
  • Michael Boddicker – synthesizer
  • Steve Forman – perkusjon
  • Tom Stephenson – klaverinstrument
  • Jai Winding – klaverinstrument
  • Phil Kenzie – saksofon
  • David Campbell – strykararrangement

Produksjon[endre | endre wikiteksten]

  • Produsent: Richard Sanford Orshoff
  • Lydteknikar: Joe Chiccarelli, David Henson assistert av Jom Hill
  • Plateomslag: Phil Hartman[11]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Los Angeles Times 27. april 1979 «Poco Finally Makes the Majors: first big-league album» by Dennis Hunt pp.IV-1,IV-34
  2. https://top40weekly.com/1979-all-charts/#april
  3. Billboard Vol 91 #15 (14. april 1979) «Top LP's & Tape» p.77
  4. https://www.riaa.com/gold-platinum/?tab_active=default-award&ar=POCO&ti=LEGEND
  5. https://www.musicvf.com/Poco.art
  6. «Phil: The Jerky Guy». Canoe. 1. desember 1996. Arkivert frå originalen 11. juli 2012. Henta 4. august 2008. 
  7. 7,0 7,1 Eder, Bruce. «Legend > Review». Allmusic. Henta 11. oktober 2020. 
  8. Larkin, Colin (2007). Encyclopedia of Popular Music (4th utg.). Oxford University Press. ISBN 978-0195313734. 
  9. Philadelphia Inquirer 24. november 1978 «Albums» p.20
  10. Los Angeles Times 3. desember 1978 «Pop Matters» by Stuart Goldman p.103 (Calendar)
  11. Brownlee, John. ««8 Album Covers Designed By Legendary Comedian Phil Hartman»». fastcompany.com. Henta 11. juni 2020.