Leicester

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Leicester
City of Leicester

Leicester landmarks montage.jpg
Plassering
Leicester is located in
Styresmakter
Land Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Konstituerande land Flag of England.svg England
Grevskap Leicestershire
Grunnlagd 50 evt.
Borgarmeister Sir Peter Soulsby
Geografi
Flatevidd
 - By

73,32 km²
Innbyggjarar
 - By (2008)
   - folketettleik
 - Byområde
 - Storbyområde

294 700
  4 019,4 /km²
441 213
772 400
Koordinatar 52°38′06″N 1°08′06″WKoordinatar: 52°38′06″N 1°08′06″W
Diverse annan informasjon
Postnummer LE
Telefon-retningsnummer 0116
Nettstad: www.leicester.gov.uk
Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Leicester

Leicester [uttale: LES|tər] er ein by og ei sameint styresmakt i East Midlands i England. Han er òg hovudbyen i Leicestershire. Byen ligg ved elva Soar og ved utkanten av National Forest. Leicester har tett opp under 300 000 innbyggjarar, den største i East Midlands, medan kring 440 000 bur i det større urbane området. Storbyområdet kring Leicester hadde 772 400 innbyggjarar i 2004. Leicester er den 10. største byen i Storbritannia med det 15. største storbyområdet.

Ein kan framleis sjå restane etter gamle romerske fortau og bad i i Leicester, som under romarane vart kalla Ratae Corieltauvorum, ein romersk militær utpost busett av den keltiske stamma corieltauvi. Etter at det romerske samfunnet forsvann tidleg i mellomalderen veit ein lite om Ratae Corieltauvorum, men då busetnaden vart erobra av vikingane vart han eina v fem festningsbyar som var viktig for Danelagen. Namnet «Leicester» meiner ein kjem frå orda castraen til «Ligore», som tyder ein leir ved elva Legro, eit tidleg namn på elva Soar. Leicester er nemnd i Domesday Book som «Ledecestre». Leicester voks gjennom den tidlege moderne perioden som ein kjøpstad, sjølv om det var først under den industrielle revolusjonen at byen verkeleg starta å vokse i form av uplanlagt urbanisering.

Ein ny jernbane og eit kanalnettverk gjennom området stimulerte industrien i området på 1800-talet, og Leicester vart eit stort økonomisk senter med mange produsentar innan ingeniørvitskap, skoproduksjon og ullvarer. Den økonomiske suksessen til desse industriane og føretaka desse førte med seg gjorde at byen utvida seg utover den omliggande landsbygda. Grensene til Leicester vart utvida gjennom 1800- og 1900-talet, og han vart ein bykommune i 1889 og fekk bystatus i 1919.

I dag ligg Leicester langs Midland Main Line og nær motorvegen M1. Byen har ein stor etnisk minoritet, særleg folk av sørasiatisk opphav, som i særleg grad har kome til Storbritannia etter den andre verdskrigen. Leicester er eit senter for høgare utdanning med både Leicester University og De Montfort University i byen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]