Leidnerflaske

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Leidenflaske)
Tidleg vassfylt leidenerflaske
Teikning av ei leidenerflaske frå 1914

Ei leidenflaske er eit apparat som «lagrar» statisk elektrisitet mellom to elektrodar på innsida og utsida av flaska. Apparatet vart funne opp av både den tyske presten Ewald Georg von Kleist den 11. oktober 1744 og av den nederlandske vitskapsmannen Pieter van Musschenbroek frå Leiden (Leyden) i 1745–1746, uavhengig av kvarandre.[1] Oppfinninga vart kalla opp etter byen. Dette var den opphavleg utgåva av ein kondensator. Leidenflaska vart nytta til å utføre mange tidlege eksperiment innan elektrisitet, og oppdaginga var særs viktig for det vidare studiet av fagfeltet. Tidlegare måtte forskarar nytte store kondensatorar for å lagre ladning. Leidenflaska var eit langt meir kompakt alternativ.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Leidnerflaske