Leiemotiv

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Leiemotiv assosiert med hornet til Siegfried i Richard Wagner sin opera Siegfried (1876)

Leiemotiv (tysk Leitmotiv,[1] fransk motif conducteur) er ein «kort, tilbakevendende musikalsk frase» assosiert med ein viss person, stad eller idé.[2] Det er nært knytt til dei musikalske omgrepa idée fixe eller motto-tema.[3] Stavinga leitmotif er ei anglifisering av det tyske Leitmotiv, som bokstaveleg talt tyder 'leiande motiv' eller 'rettleiande motiv'. Eit musikalsk motiv er definert som ein «kort musikalsk idé ... melodisk, harmonisk eller rytmisk, eller alle tre,»[4] ein framtredande tilbakevendande figur, musikalsk fragment eller rekkjefølgje av notar som har ei spesiell tyding i eller er karakteristisk for ein komposisjon: «den minste strukturelle eininga som har tematisk identitet.»[5]

Spesielt bør eit slikt motiv vera «tydeleg identifisert for å behalda identiteten sin viss det blir modifisert ved følgjande opptredenar», anten slik modifikasjon er i form av rytme, harmoni, orkestrering eller akkompagnement. Det kan òg vera «kombinert med andre leiemotiv for å antyda ein ny dramatisk tilstand» eller utvikling.[6] Teknikken er særleg assosiert med operaene til Richard Wagner, framfor alt Nibelungenringen, sjølv om han ikkje var opphavsmann og ikkje brukte ordet i samband med arbeidet sitt.

Sjølv om leiemotiv vanlegvis er ein kort melodi, kan det òg vera ein akkordprogresjon eller til og med ein enkel rytme. Leiemotiv kan bidra til å binda eit verk saman til ein samanhengande heilskap, og også gjera det mogleg for komponisten å fortelja ei historie utan bruk av ord, eller å legga eit ekstra nivå til ei allereie presentert historie.

Ved assosiasjon har ordet òg blitt brukt til å bety eit kva som helst tilbakevendande tema (anten det er gjenstand for utviklingstransformasjon) i litteraturen, eller (metaforisk) livet til ein fiktiv karakter eller ein ekte person. Nokre gongar blir det òg nytta i diskusjonar om andre musikalske sjangrar, til dømes orkesterstykke, film og videospelmusikk, nokre gangar om kvarandre med den meir generelle kategorien tema.

Klassisk musikk[endre | endre wikiteksten]

Tidlege førekomstar i klassisk musikk[endre | endre wikiteksten]

Bruken av karakteristiske, korte, tilbakevendande motiv i orkestermusikk kan sporast tilbake til byrjinga av 1600-talet, som L'Orfeo av Monteverdi. I fransk opera på slutten av 1700-talet (til dømes verka til Gluck, Grétry og Méhul) kan ein finna «erindrings-motiv», noko som kan gjenta seg på eit betydeleg tidspunkt i handlinga for å etablera ei tilknyting til tidlegare hendingar. Bruken av desse teknikkane er likevel ikkje omfattande eller systematisk. Krafta til teknikken blei utnytta tidleg på 1800-talet av komponistar av romantisk opera, som Carl Maria von Weber, der fleire tema eller idear nokre gonger blei brukte i samband med spesifikke karakterar (t.d. Samiel i Jegerbruden er forbunde med akkorden til ein forminska septim).[3] Den fyrste bruken av ordet «leiemotiv» på trykk var av kritikaren Friedrich Wilhelm Jähns i skildringa av verket til Weber, sjølv om dette ikkje var før i 1871.[6]

Det var òg av og til motiv i rein instrumental musikk frå den romantiske perioden. Den relaterte ideen om den musikalske idée fixe blei fremma av Hector Berlioz med tilvising til hans Symphonie fantastique (1830). Dette reint instrumentale, programmatiske verket har ein tilbakevendande melodi som representerer gjenstanden for kunstnarens besette hengivenheit, og skildrar nærværet hennar i forskjellige verkelege og førestilte situasjonar.

Sjølv om det kanskje ikkje tilsvarer den strenge definisjonen av leiemotiv, har fleire av Verdi sine operaer liknande tematiske melodiar, ofte introduserte i ouverturane eller forspela, og gjentatt for å markera nærværet av ein karakter eller for å påkalla ei bestemd kjensle. I La forza del destino blir opningstemaet til ouverturen gjentatt når Leonora føler skuld eller frykt. I Il trovatore blir temaet gjentatt for den første arien av Azucena kvar gang ho minnest om skrekken då mora hennar blei brunnen levande, og den øydeleggande hemnen ho den gong prøvde å ta. I Don Carlos er det minst tre leiemotiv som blir gjentatt regelmessig på tvers av dei fem aktene: det første forbunde med fattigdom og liding under krig, den andre knytt til bønner ved grava ti lkeisar Karl V, og den tredje introdusert som ein duett mellom Don <i id="mwXw">Carlos</i> og markisa av Posa, prega av oppriktig vennskap og lojalitet.

Wagner[endre | endre wikiteksten]

Siegfried sitt horn-leiemotiv frå prologen til akt 1 av Wagners opera Götterdämmerung, den fjerde i Ring-syklusen hans. Temaet er breiare og rikare orkestrert enn i tidlegare førekomstar, og antyder framveksten av Siegfried sin heroiske karakter.
Ein meir uhyggeleg versjon av hornmotivet, artikulert som ein halvforminska septimarpeggio, musikk med «mørk kraft og storslagenheit»,[7] «Hagens vakt» mot slutten av akt 1 av Götterdämmerung. Hagen, som til slutt drep Siegfried, tenker på måtar å bruka den uvitande helten på for å fremma sine eigne mål.

Richard Wagner er den tidlegaste komponisten som er spesifikt knytt til omgrepet leiemotiv. Syklusen hans av fire operaer, Der Ring des Nibelungen (med musikken skriven mellom 1853 og 1869), bruker hundrevis av leiemotiv, ofte knytt til spesifikke karakterar, ting eller situasjonar. Medan nokre av desse leiemotiva berre finst i ein av operaene, blir mange gjentatt gjennom heile syklusen.[8][9] Wagner hadde tatt opp spørsmålet om korleis musikk best kunne sameina forskjellige element i handlinga i eit musikkdrama i essayet Oper und Drama (1851); leiemotivteknikken tilsvarar dette idealet.[10]

Det var ein viss kontrovers kring bruken av ordet i Wagner sin eigen krins. Wagner autoriserte aldri bruken av ordet leiemotiv, ved å bruka ord som Grundthema (grunntema), eller berre «motiv». Det føretrekte namnet hans for teknikken var Hauptmotiv (hovudmotiv), som han først brukte i 1877; den einaste gongen han brukte ordet leiemotiv, refererte han til «såkalla leiemotiv».[2]

Ordet blei utbreidd med dei altfor bokstavelege tolkingane av Wagners musikk av Hans von Wolzogen, som i 1876 gav ut ei Leitfaden («rettesnor», dvs. handbok eller bruksanvising) til Ringen. I denne hevda han å ha isolert og namngitt alle dei gjentatte motiva i syklusen (motivet «slaveri», «spyd» eller «kontrakt», osb.), noko som innebar fleire absurditetar eller motsetningar i høve til den faktiske praksisen til Wagner.[11] Nokre av motiva han identifiserte byrja til Wagner sin irritasjon å dukka opp i dei publiserte musikalske partitura til operaene; kona hans Cosima Wagner hevda han hadde sagt: «Folk vil tru at alt dette tullet blir gjort på førespurnaden min!» I røynda namngav Wagner aldri offentleg nokre av leiemotiva sine, og føretrekte å understreka den skiftande karakteren deira ut frå tilknyting og rolla etter musikalsk form og kjenslemessig effekt.[12] Praksisen med å namngje leiemotiv fortsette likevel, og sjåast i verka til framtredande Wagner-kritikarar som Ernest Newman, Deryck Cooke og Robert Donington.[13]

Dei resulterande listene over leiemotiv resulterte i latterleggjering frå anti-wagnerianske kritikarar og komponistar (som Eduard Hanslick, Claude Debussy og Igor Stravinskij). Dei identifiserte motivet med Wagner si eiga tilnærming til komposisjon, og gjorde narr av at leiemotiv skaper inntrykk av einmusikalsk «adressebok» eller liste over «garderobe-nummer».[14]

Leiemotiv assosiert med tittelrolla i Richard Strauss sin opera Salome (1905).

Etter Wagner[endre | endre wikiteksten]

Sidan Wagner har mange andre komponistar gjort bruk av leiemotiv, slik som Richard Strauss i mange av operaene sine og fleire av dei symfoniske dikta sine. Trass i hains iblant forferdelege kommentarar om Wagner, brukte Claude Debussy sjølv ledemotiv i operaen Pelléas et Mélisande (1902). Arnold Schoenberg brukte eit kompleks sett med leiemotiv i korverket sitt Gurre-Lieder (fullført 1911). Alban Berg sin opera Wozzeck (1914–22) nyttar òg leiemotiv.[15]

Kritikk av leiemotiv-konseptet[endre | endre wikiteksten]

Kritikaren Theodor W. Adorno uttrykker i boka si In Search of Wagner (skriven på 1930-talet) ei oppfatting av at heile omgrepet «leiemotiv» er feil. Motivet kan ikkje vera både uttrykksberaren og ein musikalsk «gest», fordi det reduserer emosjonelt innhald til ein mekanisk prosess. Han noterer at «sjølv på Wagners eiga tid gjorde publikum ei grov kopling mellom leiemotiva og personane dei karakteriserte», sidan folk sine medfødde mentale prosessar ikkje nødvendigvis samsvarte med Wagner sine subtile intensjonar eller optimistiske forventningar. Han fortset: «Degenerasjonen av leiemotivet er implisitt i dette...det fører direkte til filmmusikk, der den einaste funksjonen til leiemotivet er å innvarsla heltar eller situasjonar så publikum lettare kan orientera seg.»[16]

Underhaldning[endre | endre wikiteksten]

Hovudideologien bak leiemotiv er å skapa ei kjensle av tilknyting til spesielle tonar, som då blir meint å skulla framkalla særlege kjensler hjå publikum når tonane blir gjentatte, som ein tillært pavlovsk refleks. Leiemotiv i Adorno sin «degenererte» forstand finst ofte i filmmusikk, og har gjort det sidan dei første tiåra med lydfilm. Blant dei fyrste som innførte leiemotiv i tidlege lydfilmar, var Fritz Lang i den revolusjonerande filmen sin M. Lang sette standard for lydfilm gjennom bruken sin av leiemotiv, og skapte ein forskjellig type atmosfære i filmane sine.

  • I Ringenes herre-filmtrilogien, med musikk komponert av Howard Shore, har den dramatiske orkesterpartituren rundt hundre leiemotiv som blir gjentatt fleire gonger, som for det meste er forbunde med hovedpersonane, skurkar, stader, gjenstandar og stemningar. Vidare oppretta Shore over 65 nye leiemotiv for Hobbiten-trilogien.
  • Erich Korngold sitt partitur frå 1938 for The Adventures of Robin Hood knyter spesielle tema og harmoniar til individuelle karakterar: Robin, Will, Much og Gisbourne er alle knytte til særeige musikalsk materiale.
  • Det umiddelbart gjenkjennelege James Bond-leiemotivet, opphavleg skapt av Monty Norman og John Barry for filmen Dr. No frå 1962, går igjen i nesten alle påfølgjande Bond-filmar.
  • I Haisommer-filmserien blei det viktigaste «hai»-temaet komponert av John Williams i 1975. Det er eit spenningsfylt motiv som er eit enkelt vekslande mønster av to notar, E og F.[17]
  • I Star Wars-serien nytta komponisten John Williams eit stort tal tema som var spesielt knytte til menneske og konsept (til dømes viser eit bestemt motiv til Darth Vader sitt nærværet og eit anna til ideen om krafta).[18]
  • Temaet til Schindlers liste, som blir gjentatt gjennom heile filmen, er eit av dei mest anerkjente filmmotiva, særleg fiolinsoloen.[19]
  • I The Abyss skaper Alan Silvestri eit par motiv og signal knytte til romvesenene.
  • Til Batman frå 1989 komponerte Danny Elfman det heroiske temaet for tittelkarakteren, som også blir brukt i den seinare filmen Batman vender tilbake frå 1992.[20]
  • I Titanic (1997) brukte komponisten James Horner ei rekke tilbakevendande leiemotiv som er knytt til romantikk, tragedie og katastrofen i filmen.[21]
  • Filmen Gladiator (2000), komponert av Hans Zimmer og Lisa Gerrard, bruker leiemotiv knytte til kampsekvensar, stemningar og karakterar.
  • Musikken til filmen Mumien frå 1999, komponert av Jerry Goldsmith, og oppfølgjaren Mumien vender tilbake av Alan Silvestri, inneheld leiemotiv knytte til romantikk, stemningar og karakterar.
  • Shrek-filmserien har eit tilbakevendande sentimentalt tema, komponert av Harry Gregson-Williams og John Powell, som vanlegvis er assosiert med kjærleiken mellom tittelkarakteren og Fiona.
  • I Harry Potter-filmserien er «Hedwig's Theme», komponert av John Williams, det dominerande leiemotivet , og det er blitt interpolert gjennom resten av Harry Potter-filmpartitura, inkludert i dei av Patrick Doyle, Nicholas Hooper og Alexandre Desplat. I De vises sten og Mysteriekammeret bruker Williams hovudmotiv knytte til karakterar, idear og stader, som blir gjentatte i begge filmane.
  • Pirates of the Caribbean-filmserien er komponert av Hans Zimmer, Klaus Badelt og Geoff Zanelli, og består av fleire motiv og tema knytt til hovudpersonane, skurkar og stemningar. Eit framtredande motiv er He's a Pirate, som er knytt til piratar generelt og dei heroiske action-sekvensane dei deltar i.[22] I tillegg til dei generelle leiemotiva har spesifikke figurar som Jack Sparrow, Davy Jones, Angelica og Salazar kvar sine unike motiv.
  • The Dark Knight-trilogien, med musikk komponert av Hans Zimmer og James Newton-Howard, har fleire tilbakevendande tema og motiv for Batman, skurke-karakterane og actionscenar.[23]
  • Filmuniverset til Marvel har ei rekke forskjellige leiemotiv på tvers av tre filmar og to TV-seriar. Medan nokre av dei tidlegare temaa for det meste er blitt gløymde eller har falle bort etter kvart som filmane utvikla seg, sette kvar av dei mange forskjellige komponistane sitt preg på serien gjennom dei unike musikalske talentane sine. Komponistar inkluderer Ramin Djawadi (Iron Man), Craig Armstrong (The Incredible Hulk), John Debney (Iron Man 2), Patrick Doyle (Thor), Alan Silvestri (Captain America: The First Avenger, The Avengers, Avengers: Infinity War, Avengers: Endgame), Brian Tyler (Iron Man 3, Thor: The Dark World, Avengers: Age of Ultron), Henry Jackman (Captain America: The Winter Soldier, Captain America: Civil War, The Falcon og Winter Soldier), Tyler Bates (Guardians of the Galaxy, Guardians of the Galaxy Vol. 2), Danny Elfman (Avengers: Age of Ultron), Christophe Beck (Ant-Man, Ant-Man and the Wasp, WandaVision), Michael Giacchino (Doctor Strange, Spider- Man: Homecoming, Spider-Man: Far From Home), Mark Mothersbaugh (Thor: Ragnarok), Ludwig Göransson (Black Panther) og Pinar Toprak (Captain Marvel).
  • I Avatar bruker James Horner eit par leiemotiv relatert til karakterane, romantikken, stadene og skapningane.[24]
  • Game of Thrones-serien har fleire leiemotiv, skrivne av komponisten Ramin Djawadi.
  • Komponisten Jeremy Soule nytta ein variant av hovudmotivet frå intro-temaet til The Elder Scrolls III: Morrowind-spelet i både spelmusikken, og alle følgjande lydspor for The Elder Scrolls-spela, og skapte dermed eit karakteristisk Elder Scrolls-motiv.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Whittall (2001)
  2. 2,0 2,1 Kennedy (1987), Leitmotiv
  3. 3,0 3,1 Kennedy, Michael (1980). The concise Oxford dictionary of music : based on the original publication by Percy Scholes (3. utg.). Oxford University Press. s. 366. ISBN 0-19-311315-5. OCLC 8347070. 
  4. Drabkin (1995)
  5. White, John David (1976). The analysis of music. Prentice-Hall. s. 26–27. ISBN 0-13-033233-X. OCLC 1104384. 
  6. 6,0 6,1 Warrack (1995)
  7. Donington, R. (1963, s. 226) Wagner’s Ring and its Symbols. London, Faber.
  8. Barry., Millington, (2001). The Wagner compendium : a guide to Wagner's life and music. Thames & Hudson. s. 234–235. ISBN 978-1-322-67084-3. OCLC 901193483. 
  9. Grout (2003), kapittel 22
  10. Burbidge and Sutton (1979). The Wagner companion. Faber and Faber. s. 345–346. ISBN 0-571-10471-1. OCLC 5625568. 
  11. Thorau, Christian (2009). Richard Wagner and his world. Princeton University Press. ISBN 978-1-4008-3178-4. OCLC 660034390. 
  12. Cosima Wagner (1980), II, 697 (1. august 1881)
  13. Robert, Donington (1969). Wagner's 'Ring' and its symbols, etc. (Second edition.). [publisher not identified]. ISBN 0-571-09071-0. OCLC 820910091. 
  14. Rehding (2007), 348
  15. New Grove Dictionary, Leitmotif
  16. Adorno, Theodor W. (2009). In search of Wagner. Verso. s. 34–36. ISBN 978-1-84467-344-5. OCLC 286419997. 
  17. «9/24/99: Film Score Friday». 17. oktober 2006. Arkivert frå originalen 17. oktober 2006. Henta 13. mai 2021. 
  18. «Untitled Document». Henta 13. mai 2021. 
  19. «Review Of: John Williams – Schindler’s List (Theme Song)» (på engelsk). 20. august 2012. Henta 13. mai 2021. 
  20. Doerschuk, Robert L. (October 1989). "Danny Elfman – The Agony & The Ectasy of Scoring Batman". Keyboard. Vol. 15 no. 10. GPI Publications. s. 82–95. (på engelsk). GPI Publications. 1989. 
  21. «James Horner - Titanic soundtrack review, including Back to the Titanic and the 2012 Anniversary Edition Special». Henta 13. mai 2021. 
  22. «Audio: On The Score With Hans Zimmer – Film Music Institute» (på engelsk). Henta 13. mai 2021. 
  23. «Batman Vs. Hans Zimmer and James Newton Howard Part 2 - IGN» (på engelsk). Henta 13. mai 2021. 
  24. «MarketSaw - 3D Movies and Technology: Na'vi Alien Language Incorporated In "Avatar" Music Soundtrack». 8. april 2008. Arkivert frå originalen 8. april 2008. Henta 13. mai 2021. 

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Theodor Adorno, tr. Rodney Livingstone, In Search of Wagner, London, 2005 (ISBN 978-1-84467-344-5)
  • Peter Burbidge and Richard Sutton, The Wagner Companion, London, 1979. ISBN 0-571-11450-4
  • Robert Donington, Wagner's "Ring" and Its Symbols, London, 1979
  • William Drabkin, "Motif", i The New Grove Dictionary of Music and Musicians, London 1995, vol. 12
  • Donald Jay Grout and Hermine Weigel Williams (2003). A Short History of Opera (4. utg.). New York: Columbia University Press. ISBN 0-231-11958-5
  • H. Rosenthal and J. Warrack (red.), Concise Oxford Dictionary of Opera, Oxford: Oxford University Press, 1979
  • Michael Kennedy, The Concise Oxford Dictionary of Music, Oxford: Oxford University Press, 1987. ISBN 978-0-19-311320-6.
  • Barry Millington (ed.), The Wagner Compendium, London, Thames & Hudson, 2001
  • Alexander Rehding, review of Christian Thorau, "Semantisierte Sinnlichkeit: Studien zu Rezeption und Zeichenstruktur der Leitmotivtechnik Richard Wagners" in Opera Quarterly vol. 23 (Oxford, 2007) s. 348–351
  • Christian Thorau, "Guides for Wagnerites: Leitmotifs and Wagnerian Listening", in T. Grey, (red.), Richard Wagner and his World, (s. 133–150) Princeton: Princeton University Press, 2009 ISBN 978-0-691-14366-8
  • Cosima Wagner, tr. Geoffrey Skelton, Cosima Wagner's Diaries (2 bd.), London, 1980.
  • John Warrack, "Leitmotif", i The New Grove Dictionary of Music, London 1995, vol. 10
  • John D. White, The Analysis of Music, 1976. ISBN 0-13-033233-X
  • Arnold Whittall, "Leitmotif", The New Grove Dictionary of Music and Musicians, second edition, edited by Stanley Sadie and John Tyrrell, London: Macmillan Publishers, 2001.
  • Doug Adams, "The Music of the Lord of the Rings Films", Carpentier, 2010, ISBN 978-0-7390-7157-1