Leif Bendix Jørgensen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Leif Bendix Jørgensen
Fødd 1925 (99 år)
Yrke pianist

Leif Bendix Jørgensen (fødd 1925) er ein norsk pianist utdanna frå Musikkonservatoriet i Oslo, der han også var lærar etter endt utdanning. Jørgensen gjennomførte sin første konsert i kulturhuset Festiviteten i heimbyen Haugesund i 1942, og hadde si foreløpig siste opptreden same stad så seint som i 2017, der han framførte delar av programmet frå debutkonserten. Han var då 92 år gamal.[1]

Jørgensen har, utanom eigne konsertar, blant anna vore dirigent for Haugesund Byorkester, og lærar ved Oslo Musikkonservatorium.[2] Jørgensen vart kjendis i Skandinavia som mangeårig deltakar i spørreprogrammet Kontrapunkt, ein konkurranse han vann i 1972 saman med Ivar Folgerø og Gudmund Holthe.[3] Same år var han gjest i Erik Bye sitt underhaldningsprogram «Lørdagskveld med Erik Bye».

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. «75 musikalse år - Leif Bendix Jørgensen». Haugesunds Avis. Henta 23. april 2018. 
  2. «Leif Bendix Jørgensen». Rogalyd. Henta 23. april 2018. 
  3. «Kontrapunkt». NRK. 9. januar 1971.