Leif Burull

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Leif Burull
Fødd29. november 1895
Død18. november 1971 (75 år)
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkepolitikar, jurist, genealog
Alle verv

Leif Bjorholt Burull (29. november 189518. november 1971) var ein norsk jurist fødd i Langesund og oppvaksen i Oslo, stortingsrepresentant 1945-49 for Høgre og kjøpstadene i Hedmark og Oppland.

Burull var son til ein sløydlærar. Sjølv studerte han jus ved Universitetet i Oslo, ferdig utdanna cand.jur. i 1920. Frå 1921 til 1923 var han dommarfullmektig i Sør-Hedmark, deretter fullmektig hos sakførar på Hamar til 1927. Sidan dreiv han eiga sakførarforretning på Hamar fram til 1971. Perioden 1950-65 var han offentleg oppnemnd forsvarar i domssokna Nord-Hedmark og Sør-Hedmark. Han hadde elles mange styreverv, så som styreformann i Hamar Sparebank frå 1955 til -71 og i Hamar Stiftstidende frå 1950 til -69.

Burull engasjerte seg i politikken for partiet Høgre og var medlem i Hamar bystyre i tida 1934–47. Han var formann i skulestyret 1939-41 og 1945-46. Hausten 1945 vart han vald til å representere kjøpstadene Hamar, Kongsvinger, Lillehammer og GjøvikStortinget 1945-49. På Tinget var han medlem i Veg- og jarnbanekomiteen.

Burull var interessert i slektshistorie og gav ut fleire slektsskrift. Han var formann 1943-57 i Hedmark slektshistorielag.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]