Leif Eriksen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Leif Eriksen


Statsborgarskap Noreg
Fødd 14. mai 1940
Oslo
Død

31. januar 2024 (83 år)
Oslo

Idrett fotball

Leif Eriksen (14. mai 194031. januar 2024) er ein tidlegare fotballspelar og -trenar frå Oslo. Han vart seriemeister med Vålerengen IF I 1965. Tida 1964-68 deltok han i fire av Noregs landskampar. Eriksen var trenar for Vålerengen-laget som vart cupmeister 1980 og seriemeister 1981.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Klubbspel og trenargjerning[endre | endre wikiteksten]

Eriksen var indreløpar i angrep. Etter juniorlagsfotball 1957, spelte han i 1958 seg til fast plass på Vålerengen sitt fotballag i landsdelsserien (nivå 2) Østland Nordre. Laget rykte i 1959 opp i Hovudserien. To år seinare slo Vålerengen byrival Lyn 6–4 i bronsefinalen i Hovudserien. 1963 skåra Eriksen 16 seriemål på 18 kampar og vart toppskårar i 1. divisjon. Høgdepunktet for Eriksen kom då Vålerengen i 1965 gjekk til topps i 1. divisjon, klubbens fyrste store triumf på fotballbana. Einar Bruno Larsen, Nils Arne Eggen og Arild Mathisen var mellom dei andre VIF-triumfatorane.

Etter ein svak 1968-sesong og nedrykk for Vålerengen, forlet Eriksen laget. I 1969 og 1970 var han spelande trenar i Eidsvold Turn, førte laget til opprykk til 2. divisjon. 1971 og -72 var han trenar for Vålerengen, som også rykte opp frå 3. til 2. divisjon. Perioden 1973-78 var han etter tur trenar i Skiold, Jevnaker IF og IK Skeid. Han tok Skeid frå 2. til 1. divisjon. 1979-81 var Eriksen atter VIF-trenar. Han leia laget i siger i Noregsmeisterskapen i fotball for herrar 1980 og i 1981 til klubbens andre triumf i 1. divisjon fotball for menn. Sidan var han Bærum-trenar 1982-84.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Eriksen deltok i 4 landskampar, i tre av dei som innbytar. I debuten mot Irland 13. mai 1964, reduserte han til 1–2 då gjestande Irland vann 4–1 på Ullevaal stadion. Etter to nye landslagstap i juni 1967, fekk han endeleg vere med på ein siger. 18. august 1968 spelte han heile andre omgang då Finland måtte tole eit 1–4 tap.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Seriemeister: 1965: Vålerengen IF

Kjelder[endre | endre wikiteksten]