Leif Gjerver

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Leif Gjerver
Fødd 1919
Død

1981

Leif Gjever (fødd 1919 i Porsgrunn, død 1981) var ein norsk båtkonstruktør. Han fekk utdaning ved Skiensfjorden tekninske fagskole og Gøteborg tekniske institutt.Før krigen var han teiknar på Porsgrunn Mek. Verksted. Frå 1948 var han tilsett som ingeniør ved Stord Verft. I 1963 var han med på å starte Normaritim AS. Siste åra dreiv han eige konstruksjonsfirma.

Gjerver konstruerte mange ulike fartøy. Han teikna oppsynsskip for Kystvakta. Mellom mange fiskefartøy konstuerte han og «Gadus», den første fabrikktrålaren i Noreg.

Ved premietevlinga Redningsselskapet lyste ut i 1956 om ein ny type redningskryssarar, vann Gjerver første premien. Ut frå vinnarkonstruksjonen til Gjerver vart det bygd tre 82-fots kryssarar: RS «Haakon VII», RS «Ambasador Bay» og RS «Skomvær II».

Gjerver teikna og ein mindre redningskryssar på 75 fot Det vart bygd 14 fartøy av den typen. Han konstruert og det største fartøyet Redningsselskapet har bygd, RS «Sjøfareren».

I alt vart det bygd 27 redningsskøyter etter Leif Gjerver sine teikningar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Bjørn Fossen: Hundre år med redningsskøyta Grøndahl og Dreyers Forlag 1994