Leif Hamre

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Leif Hamre
Fødd9. august 1914
FødestadMolde kommune
Død23. august 2007
DødsstadLier
Konfliktarandre verdskrigen

Leif Hamre (9. august 191423. august 2007) var ein norsk forfattar og offiser.

Han studerte ved Statens Kunstakademi i Oslo, men under andre verdskrigen måtte han reise frå landet og slutta seg til dei norske utestyrkane. Hamre vart utdanna navigatør ved Little Norway i Canada og flaug Catalina under krigen. Han vart dekorert for krigsinnsatse sin. Etter krigen gjorde Hamre karriere i forsvaret, og vart blant anna den første militære helikoterflygar i Noreg, og vart sjef for Helikoptertenesta til luftforsvaret. Han gjekk av som oberstløytnant i 1974.

Mellom 1957 og 1978 forfatta Hamre seks bøker for barn og ungdom. Alle bøkene hadde dramatisk handling med motiv frå flygarmiljøet, og låg nær dokumentarromanen i form. Dei vart svært populære, og vart omsette til 19 språk. Fem av seks bøker vart dessutan lønna med Kultur- og kyrkjedepartementet sin pris for barne- og ungdomslitteratur.

Som pensjonist arbeidde Hamre blant anna med lokalhistorie. I 2002 vart han tildelt Kongens fortjenstmedalje i sølv, hovudsakleg for si gjenoppdaging og skildring frå trefningen ved Gjellebekk i Lier under den store nordiske krigen.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • 1957: Otter tre to kaller, illustrert av Arne Johnson
  • 1958: Blå 2 – hopp ut
  • 1959: Klart fly
  • 1965: Brutt kontakt
  • 1971: Operasjon Arktis
  • 1978: Fly uten fører
  • 1983: Til borgen! Til borgen!, roman

Høyrespel[endre | endre wikiteksten]

Tre av bøkene til Hamre er dramatiserte som høyrespel for Lørdagsbarnetimen i NRK:

  • Otter tre to kaller, høyrespel i tre episodar, 1959
  • Klart fly, høyrespel i to episodar, 1973
  • Fly uten fører, høyrespel i tre episodar, 1982

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

  • 1957: Kultur- og kirkedepartementets litteraturpris, 1. premie, for Otter tre to kaller
  • 1958: Kultur- og kyrkjedepartementets litteraturpris, 1. premie, for Blå 2 – hopp ut
  • 1959: Kultur- og kyrkjedepartementets litteraturpris, 1. premie, for Klart fly
  • 1965: Kultur- og kyrkjedepartementets litteraturpris, 1. premie, for Brutt kontakt
  • 1971: Kultur- og kyrkjedepartementets litteraturpris, 2. premie, for Operasjon Arktis
  • 1993: Lier kommunes kulturpris
  • 2002: Kongens fortenestemedalje i sølv

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]