Leif Justers ærespris

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Leif Justers ærespris, også kjent som Juster-prisen, er ein norsk revypris. Prisen vert delt ut årleg til ein person som har gjort eller gjer ein stor innsats på ei norsk revyscene. Utdelinga skjer den 14. februar, på fødselsdagen til komikaren og skodespelaren Leif Juster. Vinnaren får 10 000 kroner, ei teikning Ulf Aas har laga av Juster, og ein kopi av statuen «Gledessprederen» som er utført av Nina Sundbye og er reist utanfor revyteateret Chat Noir i Oslo.

Det er Leif Justers revyfond som står for utdelinga. Fondet vart oppretta i 1981 med inntektene frå ei festførestilling i høve Justers 70-årsdag, og blei oppretta av dåverande teaterdirektør ved Chat Noir, Dag Frøland.

Saman med Leonardstatuetten er Juster-prisen ei av dei høgaste utmerkingane i norsk revybransje.

Vinnarar[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]