Leif Lund

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Leif Lund
Fødd24. september 1942
Død30. mai 2004
NasjonalitetNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar

Leif Lund (24. september 194230. mai 2004) var ein arbeidar og politikar frå Bergen, som representerte ArbeidarpartietStortinget frå 1993 til 2004.

Lund arbeidde på Hæggernes Valsemølle frå 1958 til 1987. Deretter var han transportformann for Stormøllen i Vaksdal.

Perioden 1991-95 var Lund medlem av bystyret i Bergen. Han møtte på Stortinget for Hordaland valperioden 1993-97 som 1. vararepresentant for Arbeidarpartiet, i staden for Grete Knudsen som heile fireårsperioden hadde statsrådpost. Frå 1997 til han døydde hadde Lund fast sete på Stortinget. Han var medlem av Kommunalkomiteen frå 1993 til 2001, sidan var han medlem av Forsvarskomitéen. Vararepresentanten Rita Tveiten rykte opp til fast plass på Stortinget då Lund døydde våren 2004.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]