Leif Lundsten

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Leif Lundsten
LeifLundsten.jpg
Fødd24. juni 1918
FødestadØstre Toten
Død9. juni 1944
Rangmajor
EiningLuftforsvaret

Leif Lundsten (19181944) var norsk offiser (major) og skvadronsjef for 331 skvadron under andre verdskrig. Lundsten omkom som følgje av feilaktig beskytning frå Royal Navy, berre få dagar etter D-dagen.

Hærens Flyveskole[endre | endre wikiteksten]

1938/1939-kolet frå Kjeller skulle visa seg å innehalda fleire eksepsjonelle flygere. Saman med Lundsten var blant andre Tarald Weisteen, Stein Sem, Rolf Arne Berg, Kristian Fredrik Schye, Werner Christie, Peder Mollestad og Per «James» Endresen. Vinteren 1939 var Lundsten på vinterøving på Tisleia, mellom Gol og Fagernes. Navigasjonsturar til Gardermoen høyrde òg til øvingane som vart unnagjort på det islagde vatnet.

Bardufoss og krigshandlingar[endre | endre wikiteksten]

Lundsten hadde knapt byrja på studium i Gõteborg då han vart innkalla til nøytralitetsteneste på Bardufoss. Den 9. april 1940 var han framleis stasjonert på Bardufoss med blant andre Rolf Arne Berg. Han flaug blant anna rekognoseringsturer med eldre dobbeltdekkere av typen Fokker C.V.

Flyavdelinga vart så send til Rundhaug ved Tanaelven på grunn av frykt for tyske bombeangrep mot Bardufoss. Den 7. mai krasjet Lundsten og hans navigatør, Henry Mensen, stygt på Rundhaug under landing med ein Fokker .[1] Mensen kom seg ut ved eiga hjelp, medan Lundsten måtte skjerast ut av flyet. Fokkeren hadde òg teke fyr. Flyet vart totalvrak, og Lundsten stygt skadt.

331 skvadron fotografert i november 1942. Lundsten er nummer to frå venstre i andre rekkje ovanfrå.

Den 18. mai 1940 forlét Lundsten Noreg på båten «Batory» med kurs for Storbritannia og vidare teneste. Etter er kort opphald i Storbritannia, heldt fram turen over til Canada og Treningsleiren til flyvåpena, Little Norway.

Little Norway[endre | endre wikiteksten]

Ved Little Norway fungerte Lundsten i ein seks månader periode som instruktør ved basen mens skipinga av 1. jagerving pågikk. Den 10. mai forlét han Canada med skipet «Aurania» med kurs tilbake til Storbritannia og teneste som jagerflyger. Heile tolv skip i denne konvoien vart senka under overfarten.

331 skvadron[endre | endre wikiteksten]

Lundsten gjekk inn i rekkja som jagerflyger i 331 skvadron på sensommeren i 1941. Skvadronen flaug utslitne fly av typen Hawker Hurricane frå slaget om Storbritannia året i forveien.

I august, medan skvadronen heldt til ved Castletown i Skottland, krasja Lundsten med Jens Müller i lufta.[2][3] Müller hoppa ut, medan Lundsten tok avgjerda om å landa sit fly. Ved landing kunne bakkefolk sjå at nærast heile sideroret og høgderoret var øydelagt og duk av flyet flagra i vinden. Lundsten kolliderte med ein parkert Suparmarine Spitfire under landinga, då han naturleg nok ikkje kunne manøvrera flyet utan sideror.

I oktober/november vart Hurricane-flyene bytte ut med Spitfire, og skvadronen vart flytta opp til Skeabrea på Orkenøynene. Den 15. februaren 1942 fløy Lundsten sit første tokt med Spitfire.

Den 1. mai 1942 vart Leif Lundsten send ned til den nye basen, North Weald utanfor London. Lundsten var førstemann som kom saman med adjutant Erik Lynneberg i eit fly av typen Miles Magister. Åtte dagar etterpå fløy Lundsten sit første operative tokt frå North Weald. Den 17. maien 1942, Noregs nasjonaldag, eskorterte Lundsten og 331 skvadron bombefly til hamna i Bolougne. Etter kvart fekk Lundsten sin eigen Spitfire. I august deltok han i Diepperaidet, og flaug to av fire tokt denne dagen. I desember vart Lundsten forfremja til løytnantt. Skvadronen hadde no bytt ut sina Spitfire med nye og raskare modellar.

Den 5. februar 1943 skaut Leif Lundsten ned ein Focke Wulf 190 over Den engelske kanalen under ein eskorte av amerikanske bombefly. Den 26. februar kravde han ein Focke Wulf 190 sannsynleg nedskutt over Saint-Omar i Frankrike. Fleire gonger utover våren 1943 leidde han òg 331 skvadron på tokt over kontinentet. Den 12. mars 1943 kravde han ein Focke Wulf 190 nedskutt, og ein Bf 109 sannsynleg nedskutt ikkje langt frå franskekysten. Lundsten rekna òg at hans andre offer den dagen gjekk i bakken, men såg ikkje enden av ferda til flyet. Eit offensivt tokt den 16. aprilen 1943 var Lundstens hundrede tokt. På dette toktet kom han igjen i kamp med tyske fly over Walcheren i Nederland. Lundsten kravde ein Focke Wulf 190 nedskutt. Han skaut òg ned eit tysk Junkers 88-bombefly som kom inn over England åleine på eit bombetokt i mai 1943. Saman med Knut Bache skaut han ned bombeflyet som styrta nær Stapleford Abbots, ikkje langt frå North Weald. Den 6. junien 1943 vart hans siste tokt for 331 skvadron før han fekk ein kvileperiode. Lundsten vart då send til Vickers-Armstrongs-fabrikken og fungerte der som testpilot inntil han returnerte til 331 skvadron våren 1944. Her flaug han til dømes den siste produserte Mk XII Spitfiren. Den 8. augusten 1943 mottok Leif Lundsten utmerkinga Distinguished Flying Cross.

Sjef for 331 skvadron[endre | endre wikiteksten]

Lundsten tok over skvadronen frå Arne Austeen.[4] Lundsten var no forfremja til major og vart skvadronsjef. Han var påtenkt rollen som sjef under det som skulle kjennast som Operasjon Overlord eller D-dagen. Skvadronen flytta i det høvet til Bognor Regis i påvente av invasjonen.

Den 9. juni flaug Lundsten sit siste tokt som sjef for skvadronen.[5] Litt over klokka 21:00 på kvelden var skvadronen på rekognoseringstokt over invasjonsstrendene. Skvadronen vart gjord oppmerksam på fiendtlig aktivitet i lufta, og tok opp jakta. Dei fekk ikkje øya på tyskarane, og sette kursen tilbake til England. Royal Navy oppfatta dei norske flyene som tyske på veg ut av Frankrike, og opna eld. Lundstens fly vart som den einaste som vart treft av elden. Det vart sist observert vinglande, på veg inn i ei sky. Lundsten vart aldri funnet. Hans britiske trulova, miss Lee frå Earl's Court Road i London, fekk det triste nyhendet av jagerflyger Martin Gran, som tok over skvadronen frå Lundsten. Til saman flaug han nesten 300 Spitfires i teneste i England.

Utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Lundsten mottok dei norske utmerkingane St. Olavsmedaljen med ekegren, Krigsmedaljen og Haakon VIIs 70-årsmedalje, og dessutan den britiske Distinguished Flying Cross.[6]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Meyer, Fredrik: Hærens og marinens flyvåpen 1912–1945[1, Oslo: Gyldendal, 1973, s. 139.
  2. Haganæs, Jul: Flygerne frå Piltingsrud.
  3. Meyer, s. 287.
  4. Henriksen, Vera: [http://urn.nb.no/URN:NBN:no-nb_digibok_2010030903027 Luftforsvarets historie
  5. Henriksen, s. 505.
  6. Våra falne. 1939–1945[2], bd. 3, Oslo: Grøndahl, 1950, s. 198.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Haganæs, Jul: Flygerne fra Piltingsrud. En beretning om uredde valdreser, Oslo: Grøndahl, 1988
  • Henriksen, Vera: Luftforsvarets historie. Bind 2: Fem år i utlendighet, Oslo: Aschehoug, 1996
  • Larsen, Tor Idar (2013). Alan Sutton, red. Into the Swarm, Leif Lundsten (1 utg.). Fonthill Media.  
  • Meyer, Fredrik: Hærens og marinens flyvåpen . 1912–1945, Oslo: Gyldendal, 1973
  • Våra falne. 1939–1945, bd. 3, Oslo: Grøndahl, 1950
  • Larsen, Tor Idar: Spitfire Glory, The Wartime Flying of Leif Lundsten, UK: Fonthill media, 2016

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]