Leif Vetlesen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Leif Vetlesen
Fødd7. august 1921
Død18. mai 2003 (81 år)
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet, Norges Kommunistiske Parti
Yrkeskribent
EktefelleVesla Vetlesen

Leif Vetlesen (fødd 7. august 1921 i Kristiania, daud 18. mai 2003 i Oslo) var ein norsk sjømann, organisasjonsmann og forfattar.

Faren var ingeniør, mora lærer, etter examen artium ved Oslo katedralskole drog 17 år gamle Vetlesen i 1939 til sjøs. Under andre verdskrigen segla Vetlesen på ei rekkje skip som underordna mannskap (der han avanserte til matros). Han vart politisk og organisatorisk aktiv og vart mot slutten av krigen redaksjonssekretær i Norsk Sjømannsforbund i London. Ved fredsslutt heldt fram han ved kontoret til forbundet i Oslo og engasjerte seg spesielt i saka om Nortraships Sjømannsfond, i opposisjon til linja til forbundsleiinga.

Vetlesen mista stillinga i forbundet, vart ekskludert og hadde gjennom åra ei rekkje organisatoriske stillingar for NKP. I 1950 vart han ekskludert i kjølvatnet av Furubotn-oppgjeret, men han vart teken til nåde igjen nokon år seinare. Etter den sovjetiske invasjonen av Ungarn i 1956 braut han med NKP og melde seg inn i Arbeidarpartiet, frå 1966 var han informasjonssjef i Norad. Saman med Thore Horve fekk Vetlesen mot slutten av 1960-åra reist saka om krigsseglarane og sørgd for at dei fekk ein «ex gratia» utbetaling. I 1982-1985 var han generalsekretær i Amnesty International i Noreg.

Vetlesen mottok Krigsmedaljen og Kongens fortjenstmedalje i gull i 1997. Han var gift med Vesla Vetlesen.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]