Bygsel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Leige)

Bygsel eller feste viser til det å leiga ein jordeigedom frå eigaren.

Den som mottek leige for eigedomen, er bygseleigar eller bortfestar, og dei som betaler, er bygslarar eller festarar (tidlegare gjerne kalla bygselfolk). Leiga vert kalla bygselsummen eller festesummen.

Innløysing av bygselavtalar i Noreg[endre | endre wikiteksten]

I Noreg har alle som har bygsla ei tomt i 30 år eller meir rett til å krevja bygselavtalen innløyst, mot ein viss kjøpesum. Då pliktar den som bygsla bort tomta, å terminera bygselavtalen og overskøyta tomta til bygslaren, som vert ny eigar av eigedomen.

Krav om innløysing må fremjast innan visse frister, som går fram av tomtefestelova, og bygslaren må sjølv betala alle gebyr i samband med overtakinga. Kjøpesummen er normalt lik 30 gonger det bygselsummen var det siste året, men dersom den eine av partane krev det, skal eigedomen istaden verdsetjast til 40 % av råtomtverdien.

Etter at tomtefestelova vart endra i 2004, gjeld innløysingsretten òg i statsallmenningar.

Spire Denne rettsvitskapsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.