Hopp til innhald

Leighton Buzzard

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Leighton Buzzard
by
Land  England
Region Bedfordshire
Distrikt South Bedfordshire
Folketal 37 469 (mars 2011)
Postnummer LU7
Retningsnummer 01525
Kart
Leighton Buzzard
51°54′59″N 0°39′42″W / 51.9165°N 0.6617°W / 51.9165; -0.6617
Wikimedia Commons: Leighton Buzzard

Leigton Buzzard er ein by i Chiltern Hills i Bedfordshire. Han ligg ved M1 og A5 mellom Luton og Milton Keynes.

Marknadsplassen

Byen høyrer til distriktet South Bedfordshire, og blir saman administrert med Linslade under namnet Leighton-Linslade.

Namnet er av usikkert opphav. Leighton kjem truleg frå eit saksisk ord som tyder «rydning i skogen». Buzzard skal ha vorte lagt til av dekanen i Lincoln på 1100-talet. Det var to stader som heitte Leighton i Lincoln bispedømme, og for å skilje dei la han visstnok til namnet til den lokale representanten sin, Theobald de Busar, som så vart forvanska til Buzzard. Det andre staden vart heitande Leighton Bromswold.

Soknekyrkja er frå 1277, og er vigd til alle helgenar (All Saint). Han har eit 57 meter høgt spirar, flotte jernarbeid frå mellomalderen, gammal graffiti og eit tak som er dekorert med utskorne englar frå 1400-talet. Kyrkja erstatta ei eldre, angelsaksisk kyrkje på staden.

Leighton Buzzard Railway er ein verna smalspora jarnbane.

Fotballklubben Leigton Town FC spelar i Southern League Division One East, medan rugbyklubben Leighton Buzzard RFC spelar i Rugby Union i Midlands East Division 3.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Leighton Buzzard