Leikanger

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Leikanger
stad
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Sogndal
Postnummer 6863 LEIKANGER
Innbyggjarnamn Utaføring (felles for kommunen: Systrending)
Preposisjon Leikanger
Kart
Leikanger
61°11′08″N 6°48′16″E / 61.185555555556°N 6.8044444444444°E / 61.185555555556; 6.8044444444444

Leikanger er ein tettbygd stad og ei bygd i Sogndal kommune i Sogn. Saman med Hermansverk dannar Leikanger ei bygd med meir eller mindre samanhengande busetnad som vert kalla Systrond[1]. Systrond eksisterer rett nok ikkje som offisielt namn og Statistisk Sentralbyrå nyttar nemninga Hermansverk/Leikanger[2] om den delen av bygda som tilfredsstiller deira krav til omgrepet tettstad. Bygda er sete for Sogn og Fjordane fylkeskommune og for Fylkesmannen i Sogn og Fjordane som held til i Statens hus Sogn og Fjordane (offisielt lokalisert til Hermansverk) som vart opna av moderniseringsminister Morten Andreas Meyer i mai 2005. Til saman bur det drygt 2 100 innbyggjarar på Systrond.

Hermansverk har i løpet av dei siste par tiåra teke over dei aller fleste sentrumsfunksjonane i bygda, og i dag (2007) er ein av dei viktigaste funksjonane på det gamle Leikanger sentrum (Hanehaug) kaien som har anløp av ekspressbåten mellom Sogn og Bergen Ein annan viktig funksjon er Leikanger Fruktlager, samtidig ligg det òg bilverkstad, hotell og bilverkstad her.

Namnet Leikanger er opphavleg knytt til kyrkjestaden om lag ein kilometer aust for kaiområdet i retning Hermansverk, og namnet kjem av norrønt leik (kamp, leik) og vangr (slette, vang), noko som kan tyda på at staden har vore ein sentral møteplass i tidlegare tider der ein kanskje har møttest til idrett og eller tvekamp. Det er elles rike fornminnefunn frå både jarnalder og vikingtid i bygda.

Media[endre | endre wikiteksten]

Sogn Avis har hovudkontor på Leikanger.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Leikanger kommune om Systrond, arkivert frå originalen 28. september 2007, henta 16. april 2007 
  2. Statistisk Sentralbyrå, Tabell over tettstader
Spire Denne geografiartikkelen som har med Vestland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.