Leikanger kommunestyre 2007-2011

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Ved kommunevalet 2007 var det fem parti som stilte liste i Leikanger kommune:

Leikanger KrF klarde ikkje stilla liste dette valet, og gjekk ut or kommunepolitikken.

Valkampen[endre | endre wikiteksten]

Dei viktigaste sakene var sentrumsutvikling og kraftutbygging. Kort tid før valet vedtok kommunestyret med knappast muleg fleirtal å byggja den nye idrettshallen i sentrum på Hermansverk i staden for på barneskulen. Denne saka vart dimed sentral i valkampen. Kraftutbyggingssaka vart akkurat sparka i gang før valet. Sognekraft hadde klar ein informasjonsbrosjyre om utbyggjinga sidan mai, men ville ikkje senda denne ut før valet. Dette reagerte Astri Taklo (V) på, og brosjyren vart send ut nokre dagar før valet. Ap, Sp og Høgre sa klårt ja til kraftutbygging, medan SV gjekk inn for å skjerma fjellheimen for alle inngrep. Venstre hadde programfesta at dei ville avventa konsekvensutgreiinga før dei tok stilling, men på eit folkemøte avviste Astri Taklo at Venstre kunne gå inn for ei så stor utbygging som skissert i alt. A.

Det nye kommunestyret[endre | endre wikiteksten]

Parti Nr Representant Merknad
SV 1 Jan Sigurd Haugen
SV 2 Astrid Hammer Bolstad
Ap 1 Olav Lunden Ordførar
Ap 2 Birte Fossheim Formannskapet
Ap 3 Tobias Dahle
Ap 4 Haavard Stensvand
Ap 5 Bjarne Asperanden Sjøthun
Ap 6 Arild Fossøy
Ap 7 Jan Tore Thue
Sp 1 Jarle Andersen Varaordførar
Sp 2 Edith Valeberg Eggum
Sp 3 Arne Monrad Johnsen
V 1 Astri Taklo Formannskapet
V 2 Jarle Bøyum Mellingen
V 3 Dina Lefdal
H 1 Steinar Fredheim Formannskapet
H 2 Monica Åsnes

Partibyte[endre | endre wikiteksten]

Dina Lefdal, som vart vald inn for Leikanger Venstre, hadde stått på Høgre-lista til 2003-valet.

Saka om Leikanger kraftverk[endre | endre wikiteksten]

Leikanger kommunestyre handsama saka på møtet 9. juni 2009. Det vart fyrst røysta over Tobias Dahle sitt framlegg om å utsetja saka. Framlegget fall med 10 mot 7 røyster. I ettertid kom det fram at Venstre var for utsetjingsframlegget, men misforstod røystinga. Saka hadde utsett dersom Venstre hadde røysta for. Deretter vart det røysta over einskildpunkt i tilrådinga, der det var kome inn ein del endringsframlegg. M.a. vart det sett krav om at vegane ikkje skal asfalterast og at minstevassføringa i Henjaelvi må aukast frå to gonger alminneleg lågvassføring (254 l/s) til 5-percentilen (1427 l/s). Det vart så røysta over punkt 2 i tilrådinga om at utbyggingsavtalen skulle vedtakast. Tilrådinga vart vedteken med 11 mot 5 røyster, mot røystene til SV og Venstre. Deretter vart det røysta over punkt 1, der tilrådinga om at Leikanger kommunestyre skulle tilrå utbygging etter alt. A vart sett opp mot eit framlegg frå Jan Sigurd Haugen (SV) om at kommunestyret skulle frårå utbygginga. Tilrådinga vart vedteken med 10 mot 6 røyster. Det var SV, Venstre og Arne Monrad Johnsen (Sp) som ville rå ifrå at kraftutbygginga fekk konsesjon.

Det kom inn klage på vedtaket. På møtet 24. september 2009 gjorde Arne Monrad Johnsen (Sp) framlegg om at klagen vart teken til fylgje, at saka skulle opp til ny handsaming og at det skulle forhandlast fram ein betre utbyggingsavtale med Sognekraft. Johnsen leverte framlegget på vegne av ein allianse beståande av Leikanger Sp, Leikanger SV, Leikanger V og tre representantar frå Leikanger Ap (Tobias Dahle, Liv Bulling og Bjarne Asperanden Sjøthun). Framlegget vart vedteke med 10 mot 7 røyster. Leiar i Leikanger Sp, Jarle Andersen, melde seg tvert ut av partiet etter dette, då han meinte at Arne Monrad Johnsen og Edith Valeberg Eggum hadde handla bak hans rygg. Nestleiar Jon Erling Oppedal melde seg òg ut av partiet nokre dagar seinare. Det var òg omfattande splitting og strid i Leikanger Ap, men partiet heldt seg samla ut perioden.

Sognekraft truga kommunen med økonomisk søksmål i mangemillionarsklassen, sidan kommunen hadde brote ein allereie underskriven avtale. Det vart likevel forhandlingar, og ein ny og betre utbyggingsavtale vart vedteken med 15 mot 2 røyster på møtet 3. mars 2011. Det var Leikanger SV rom røysta imot.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]