Leikanger kraftverk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Sognekraft har søkt om bygging av Leikanger kraftverk i Henjaelvi og Grindselvi. Kommunestyret i Leikanger kommune har tilfådd utbygging etter alternativ A, men med auka minstevassføring. Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har tilrådd utbygging etter alternativ B, med auka minstevassføring og utan regulering av Store Trastadalsvatnet. Det er stort engasjement blant bygdefolket mot utbygging. Det er også samla inn 370 underskrifter for krav om folkerøysting i saka. Kommunestyret forkasta forslaget.

Inntaka[endre | endre wikiteksten]

Etter alternativ A er det planlagt 11 inntak på kote 600: Henjadalen: Reiseteåi, Traståna, Nyastølselvi, Friksdøla (hovudinntak) og Skulåna (2 inntak). Grindsdalen: Nyastøla (2 inntak), Stavseta (hovudinntak), Gildøla og Skitstøla.

Etter alternativ B er det planlagt 4 inntak på kote 365: Henjadalen: Henjaelvi (hovudinntak) og Skulåna. Grindsdalen: Grindselvi (hovudinntak) og Skitstøla.

Vegane[endre | endre wikiteksten]

Etter alternativ A må 4 km veg utbetrast og 4 km veg byggjast i Henjadalen, og 9 km veg utbetrast i Grindsdalen.

Etter alternativ B må 3,5 km veg utbetrast i Henjadalen og 6 km veg utbetrast i Grindsdalen.

Minstevassføring[endre | endre wikiteksten]

Sognekraft har føreslege slepping av minstevassføring tilsvarande alminnleg lågvassføring om vinteren og 2 gonger alminneleg lågvassføring om sommaren. Det vil seie: Slepping av 127 l/s i Friksdøla og 82 l/s i Stavseta vinterstid, og 254 l/s i Friksdøla og 164 l/s i Stavseta sommarstid.

Leikanger kommune og fylkesmannen har føreslege slepping av minstevassføring tilsvarande alminneleg lågvassføring om vinteren og 5-persentil om sommaren i Henjaelvi. Det vil seie: 127 l/s om vinteren, og 1427 l/s sommarstid, begge fordelt på alle inntaka (sjå Vassføringsdata Henjaelvi). No er kommunen og Sognekraft samde om 750 l/s i elleve veker om sommaren. Resten av året vert som Sognekraft har føreslege.

Vassføringsdata Henjaelvi ved kote 600[endre | endre wikiteksten]

Middelvassføring

1080 l/s i Reiseteåi

890 l/s i Traståna

650 l/s i Nyastølselvi

1340 l/s i Friksdøla

350 l/s i Skulåna

2940 l/s til saman i Henjaelvi

Alminneleg lågvassføring

23 l/s i Reiseteåi

28 l/s i Traståna

22 l/s i Nyastølselvi

47 l/s i Friksdøla

8 l/s i Skulåna

127 l/s til saman i Henjaelvi

5-persentil vinter

19 l/s i Reiseteåi

23 l/s i Traståna

19 l/s i Nyastølselvi

39 l/s i Friksdøla

7 l/s i Skulåna

105 l/s til saman i Henjaelvi

5-persentil sommar

254 l/s i Reiseteåi

219 l/s i Traståna

252 l/s i Nyastølselvi

524 l/s i Friksdøla

91 l/s i Skulåna

1427 l/s til saman i Henjaelvi

Vassføringsdata Grindselvi ved kote 600[endre | endre wikiteksten]

Middelvassføring

450 l/s i Nyastøla

1410 l/s i Stavseta

530 l/s i Gildøla

180 l/s i Skitstøla

1920 l/s til saman i Grindselvi

Alminneleg lågvassføring

15 l/s i Nyastøla

47 l/s i Stavseta

15 l/s i Gildøla

5 l/s i Skitstøla

82 l/s til saman i Grindselvi

5-persentil vinter

13 l/s i Nyastøla

39 l/s i Stavseta

12 l/s i Gildøla

4 l/s i Skitstøla

68 l/s til saman i Grindselvi

5-persentil sommar

172 l/s i Nyastøla

533 l/s i Stavseta

168 l/s i Gildøla

54 l/s i Skitstøla

927 l/s til saman i Grindselvi

Vassføringsdata ved utløpa i sjøen[endre | endre wikiteksten]

Middelvassføring

3730 l/s i Henjaelvi

2490 l/s i Grindselvi

Alminneleg lågvassføring

161 l/s i Henjaelvi

107 l/s i Grindselvi

5-persentil vinter

132 l/s i Henjaelvi

88 l/s i Grindselvi

5-persentil sommar

1785 l/s i Henjaelvi

1193 l/s i Grindselvi

Samla plan[endre | endre wikiteksten]

I Samla plan frå 1980-talet var det vurdert fire alternativ til utbygging.

Alternativ 1 skulle ha 3 inntak: Hermansverk kraftverk: Hejaelvi (ved Henjefossen), Njøsaelvi og Fadnastølselvi ( i Njøsadalen). Alternativ 1 var planlagt med moglegheit for 4,5 m nedtapping av Store Trastadalsvatnet i tørre tider.

Alternativ 2 skulle ha 6 inntak og 3 kraftverk: Overføring til Lomavatnet (ovanfor Vetlavatnet: Heimsta Myrdalsvatnet og Traståna. Flya kraftverk: Vetlavatnet. Grindselvi kraftverk (ovanfor Rukandefossen): Gildøla og Stavseta. Hermansverk kraftverk: Grindselvi kraftverk og Henjaelvi. Alternativ 2 var planlagt med 1 m senking av Heimsta Myrdalsvatnet, 10 m regulering av Store Trastadalsvatnet og 4 m regulering av Fjærlandssetevatnet.

Alternativ 3 skulle ha 7 inntak og 2 kraftverk: Overføring til Lomavatnet: Heimsta Myrdalsvatnet og Traståna. Nyastøl kraftverk: Vetlavatnet. Hermansverk kraftverk: Nyastøl kraftverk, Henjaelvi, Skulåna, Gildøla og Grindselvi. Alternativ 3 var planlagt med 1 m senking av Heimsta Myrdalsvatnet, 10 m regulering av Store Trastadalsvatnet og 4 m regulering av Fjærlandssetevatnet.

Alternativ 4 skulle ha 6 inntak og 2 kraftverk: Nyastøl kraftverk: Heimsta myrdalsvatnet og Traståna. Hermansverk kraftverk: Nyastøl kraftverk, Henjaelvi, Grindselvi, Gildøla og Stavseta. Alternativ 4 var planlagt med 1 m senking av Heimsta Myrdalsvatnet og 10 m regulering av Store Trastadalsvatnet.

Alternativa 2, 3 og 4 vart plassert i kategori 2, slik at dei ikkje kunne konsesjonshandsamast. Alternativ 1 vart plassert i kategori 1, slik at det kunne konsesjonshandsamast. Leikanger kommune ynskte ikkje utbygging, og også alternativ 1 vart plassert i kategori 2.

I 2006 fekk Sognekraft og Leikanger kommune innvilga sin søknad om å plassere utbygginga i kategori 1.