Leikanger prestegard

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Leikanger prestegard sett frå sjøsida.
Leikanger prestegard sett frå kyrkja.

Leikanger prestegard ligg på Leikanger i Sogn, rett ved kyrkja, og er framleis i bruk som tenestebustad for soknepresten i Leikanger. Prestegarden er kjend for den vakre hagen med sjeldne tresortar, som gjorde stort inntrykk på Henrik Wergeland og biskop Jacob Neumann.

Leikanger Prestegard var ein stor fruktgard, og mange prestar sette si ære i fruktavlen. Den siste presten som dreiv prestegarden var Sverre Daae. Mykje av innmarka vart lagd ut til byggjefelt på 1950- og 1960-talet. På den næraste innmarka kom Tinghus 3 i 1963, Leikanger ungdomsskule i 1967 og ei utviding av kyrkjegarden i 1980. I dag er det berre tunet og prydhagen som er att.

Bygningar[endre | endre wikiteksten]

Hovudbygningen er bygd i 1912 av sokneprest Fredrik Bull-Hansen. Huset er oppført i sveitserstil i halvanna høgd med midtark på den symmetrisk utforma fasaden mot fjorden. Veggene er kvitmåla og taket er lagt med skiferheller. Forutan hovudbygningen står det fleire mindre bygningar på prestegarden: Paktarstova, eldhuset, vedskålen og stabburet er alle frå 1700-talet. Dei er raudmåla og har villhelletak frå Helleberget ovanfor prestegarden, men paktarstova har tegltak. Vedskålen vart bygd om til likhus på 1980-talet. Både hovudbygningen og desse fire småhusa er freda. Det er òg ein garasje frå 1950-talet i same stil som dei andre bygningane, men med eternittak. Til prestegarden høyrer òg stølshus på heimestølen Kleppa og fjellstølen Romedal.

Leikanger gamle prestegard[endre | endre wikiteksten]

Leikanger gamle prestegard på Bygdøy.

Den gamle hovudbygningen på Leikanger prestegard vart oppført i bergensk rokokkostil med svaitak av sokneprest Gerhard Geelmuyden i 1752. Bygningen har tegltak og var fyrst rosa, men seinare kvitmåla. Huset hadde fasade mot vest, og ikkje mot fjorden slik som dagens hovudbygning. Presten hadde kontoret sitt på loftet i andre etasje. Dette var ein prestegard av høg standard. Her er en særdeles skjøn Prestegaard, store smukke Værelser, blant dem en Stue, som næsten tør maale sig med min Storstue, skreiv biskop Claus Pavels i 1819, og føregjengaren Johan Nordahl Brun skreiv i 1806 om Legangers Præstegaard, hvor jeg helst var og best var i heele Sogn. Storstova vart delt inn i fire mindre rom kring 1820, og då i empirestil. I 1911 vart huset rive og flytt til Norsk FolkemuseumBygdøy, der det står den dag i dag.

Bergstuen[endre | endre wikiteksten]

I tidlegare tider stod ein liten raudmåla bygning kalla Bergstuen på den skarpt avteikna hammaren mellom hovudbygningen og fjorden. Stova vart gjeven til Leikanger kommune i 1850, og tre år seinare vart ho flytt opp på klokkargarden og innreia som skulestove. Frå 1876 var denne lokale for Leikanger Sparebank fram til ho vart riven i 1938 for å gje plass til den nye riksvegen gjennom bygda.

Hagen[endre | endre wikiteksten]

Leikanger prestegard er mest kjend for den praktfulle hagen som ei lang rekkje prestar har ala fram. Det serprega med prestegardshagen er alle dei framande tresortane som har klart seg godt gjennom lang tid. Her finst mellom anna ei 20 meter høg nordmannsgran (Abies nordmanniana), ein vestamerikansk hemlokk (Tsuga heterophylla), to tempeltre (Ginkgo biloba) og ein apeskrekk (Araucaria araucana). Ein 24 meter høg nutkasypress Chamaecyparis nootkatensis dominerte i prestegardshagen fram til han bles over ende i 2004.

Sequoia[endre | endre wikiteksten]

Eit særsyn i prestegardshagen er eit fjellmammuttre (Sequoiadentron giganteum) som elles er kjent frå California. Desse veks nord til 38 grader, og dei høgste er 114 meter høge og fleire tusen år gamle. På Leikanger står eit solid eksemplar så langt nord som 63 grader. Treet vart planta kring 1870, og skal vera eitt av få som ein har fått til å trivast utanfor USA. Treet er 28 meter høgt og 6,5 meter i omkrins.

Valnøttre[endre | endre wikiteksten]

Det mest omskrivne treet i prestegardshagen er valnøttreet (Juglans regia). Det over 200 år gamle treet var 16 meter høgt og kruna hadde tverrmål på 26 meter. Treet er omtala av Henrik Wergeland og biskop Jacob Neumann. Sistnemnde skreiv: ...men fremfor alle udmerkede sig et høit prangende Valnødtræ, det skjønneste en Maler kunde sætte i en Forgrund. Valnøttreet gjekk i venda om føremiddagen 7. juli 2015, og var då svært ròte i rotstokken.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Terje Eggum: Leikanger kyrkje - frå mellomalderen til i dag, Skald Forlag, Leikanger 1999
  • Leikanger Sparebank: Leikanger Sparebank 100 år, Leikanger 1964
  • Jan E. Horgen: Norske prestegarder - folk og hus, Landbruksforlaget, Oslo 1999

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]