Leila Shahid
Leila Shahid | |
![]() | |
Statsborgarskap | Libanon, Staten Palestina |
Fødd | 13. juli 1949 (75 år) Beirut |
Yrke | politikar, diplomat |
Språk | fransk, arabisk, engelsk |
Far | Munib Shahid |
Mor | Serene Husseini Shahid |
Leila Shahid på Commons |
Leila Shahid (fødd 13. juli 1949) er ein palestinsk diplomat.[1] Ho var den fyrste kvinnelege ambassadøren for Palestina.
Liv og virke
[endre | endre wikiteksten]Bakgrunn
[endre | endre wikiteksten]Leila Shahid er dotter av Munib Shahid og Serene Husseini Shahid og dimed del av al-Husayni-klanen.[2][3][4] Foreldra hennar var høvesvis frå Akko og Jerusalem, men ho vaks opp med dei to systrene sine i landflyktigheit i Libanon. Der fekk ho skulegangen si og tok vidaregåande skule på Collège protestant français i Beirut.
Shahid er ikkje sjølv bahai, men er tippoldebarn til baha'i-profeten Baha'u'llah gjennom far sin, som var eit barnebarn av Abdu'l-Baha.[5] Faren hennar blei ekskommunisert frå bahai-fellesskapet på grunn av motstanden sin mot Shoghi Effendi.[6]
Engasjement for palestinarane
[endre | endre wikiteksten]Etter å ha studert antropologi og psykologi ved Det amerikanske universitet i Beirut, arbeida Shahide i palestinske flyktningleirar til 1974 då ho byrja på doktorgraden i antropologi i Paris. I Paris møtte ho forfattaren Jean Genet.
I 1976 blei Shahid vald til president av foreininga Union générale des étudiants palestiniens.[7][8]
I september 1982 drog Shahid og Genet til Beirut. Dei kom til under massakrane i Sabra og Shatila, som blei gjennomførte av styrkar knytte til det libanesiske falangistpartiet. Genet sine skildringar om dette blei publisert i La revue d'études palestiniennes, i ein artikkel med tittelen «Quatre heures à Chatila» ('Fire timar i Shatila'). Filmen Dancing Among the Dead av Catherine Biscovitch var basert på denne artikkelen av Genet.[9]
Shahid var mangeårig redaktør for La revue d'études palestiniennes, og blei etterpå medlem av styret for bladet.[10]
Representant for PLO, ambassadør for Den palestinske sjølvstyresmakta
[endre | endre wikiteksten]Shahid representerte PLO i Irland i 1989, i Nederland i 1990, og var deretter ambassadør for den palestinske sjølvstyresmakta i Frankrike der ho tiltredde i Paris i 1993.[11] Frå 2006 til 2014 var ho den palestinske generaldelegaten til EU, Belgia og Luxembourg.[12]
I 2004 var Shahid saman med den palestinske leiaren Yasser Arafat under dei siste dagane hans på sjukehus utanfor Paris.[13]
Russell Tribunal on Palestine vart oppretta som svar på ei oppfordring frå Shahid og Ken Coates (leiar av Bertrand Russell Peace Foundation), Nurit Peled (israelar, som mottok Sakharovprisen for ytringsfridom i 2001).[14]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Giblin, Blanc (2016), Palestine, Arabs and the Arab world. An Interview with Leïla Shahid
- ↑ Leila Shahid The resolve of a Palestinian envoy, Interview by Sophie Boukhari and Amy Otchet, Unesco
- ↑ Leila Shahid Arkivert 2009-10-01 ved Wayback Machine., at the Russell Tribunal on Palestine
- ↑ Mrs. Leila Shahid Arkivert 2010-05-13 ved Wayback Machine., Eurojar
- ↑ Aghdasi, Farzin. «The Vision of Shoghi Effendi: A Study» Session 5: Covenant Breakers: in the East, the West, and at the World Center. http://www.bci.org/bahaistudies/courses/shoghi.htm Archive : https://web.archive.org/web/20140221112645/http://www.bci.org/bahaistudies/courses/shoghi.htm
- ↑ Momen, Moojan. «Blasphemy Against the Holy Spirit.» s. 290. http://irfancolloquia.org/pdf/lights10_momen.pdf
- ↑ Running-Johnson, Cynthia (2001). «"La Vision Invisible": Feminine Bodies in Jean Genet's "Quatre Heures À Chatila"». Romance Notes 41 (3): 333–345. ISSN 0035-7995. JSTOR 43802796.
- ↑ BBC World Service (2012). Leila Shahid – Palestinian Authority Ambassador to the EU (Audio).
- ↑ «Leila Shahid, Jean Genet and the Position of Sudden Departure», www.mafhoum.com, henta 2. mai 2021
- ↑ «14th edition – 2019», PCMMO - Panorama des Cinémas du Maghreb et du Moyen-Orient (på fransk), 27. oktober 2020, henta 2. mai 2021
- ↑ «Questions swirl around Arafat's health - Oct 30, 2004», edition.cnn.com, henta 2. mai 2021
- ↑ «Leila Shahid leaves her function of Palestinian delegate to Belgium and the EU», Brussels Diplomatic (på engelsk), 14. desember 2014, henta 2. mai 2021
- ↑ «Witness, The Last Days of Yasser Arafat», BBC (på engelsk), henta 4. desember 2018
- ↑ «The Russell Tribunal on Palestine», CJPME - English (på engelsk), 15. november 2011, henta 2. mai 2021
- Denne artikkelen bygger på «Leila Shahid» frå Wikipedia på bokmål, den 20. mars 2023.