Leire

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Leire.

Leire er ein finkorna jordtype, som består av meir enn 15 % (vekt) partiklar med ein diameter på mindre enn 0,002 mm. Ved teksturanalyse av jordtypar er leirfraksjonar dei mest finkorna. Når leira opptar vatn, svulmar ho opp. Samtidig skjer det ei omfordeling av elektrona på overflata, slik at kvar partikkel får ein negativ ladning. Dette gjer, at leire er plastisk når ho er våt, og kan enkelt formast. I tørr tilstand blir ho stiv og ved oppvarming skjer det permanente fysiske og kjemiske reaksjonar som forandrar leira til eit keramisk materiale. På grunn av desse eigenskapane kan leire brukast til å lage keramikkgjenstandar til både nyttige og dekorative formål. Døme er murstein, tegl, porselen og keramikk.

Kvikkleire er ein type marin leire som finst i istidsavsetningar i Noreg, Canada og Sverige. Det er ein ustabil leire som lett blir flytande og som har forårsaka mange dødlege jordskred.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Leire