Leirfjorden i Sørfold

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 67°32′09″N 15°36′57″E

Leirfjorden
fjord
Inner part of Leirfjorden.jpg
Land Flag of Norway.svg Noreg
Region Sørfold
Fylke Nordland
Lengd 19[1] km

Leirfjorden er ein fjordarm av Sørfolda i Sørfold kommune i Nordland. Fjorden strekkjer seg 19 km nordaustover til Kvalhaugmoen i botn av fjorden. Ved Kobbhammarnes delar fjorden seg i ein nordleg arm, Kobbelvvågen, og ein sørleg arm, Sørfjorden, som kvar har ei lengd på i underkant av to kilometer.[2]

Fjorden har innløp mellom bygda Styrkesvik i vest og Kalvikodden i aust. Det ligg fleire små grender på begge sider av fjorden, som Inner-Kalvika, Sommerset, Kvantoland og Bonåssjøen. Aust for Bonåssjøen ligg tettstaden Leirfjordgården på nordsida av fjorden. Lenger inn i fjorden ligg grendene Engan, Ørnes, Slettbakkan og Sørfjordmoen. Ved Ørnes deler fjorden seg i to delar. Kobbelvvågen går inn til Kvalhaugmoen, medan Sørfjorden går ein kilometer inn til Sørfjordmoen.

E6 går langs heile søraustsida av fjorden. På nordsida går Fv613 langs den indre delen av fjorden, medan Fv612 går langs den ytre ut til Styrkesvik.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. (Inkl. Sørfjorden eller Kobbelvvågen) Leirfjorden i Store norske leksikon
  2. Leirfjorden på Norgeskart.no frå Statens kartverk