Leist

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Typisk treleist.

Leist (eller lest, frå norr. leistr) ein mal for skor, og blir særleg brukt av skomakarar. Leisten er typisk laga av tre og forma som ein fot. Han kan også vera av plast eller metall, og kan ha ei mindre fotaktig utforming.

Kinesisk skomakar bruker leist av metall.
Metalleist.

Leisten blir brukt av ein skomakar for å kunna tilpassa sko nøyaktig til kunden utan at vedkommande er til stades under arbeidet. Han kan også brukast til å halda forma på skoen under lagring. Leistar blir laga parvis for venstre- og høgresko, og i ulike utformingar for skor i ulike storleikar, breidde og til damer og menn.

Den tradisjonelle treleisten er blitt mindre vanleg i ei tid då skor sjeldan blir laga eller vølte for hand. I staden bruker ein leistar av plast eller metall som kan brukast ved industriell skomaking. Ordet finst likevel i nokre utbreidde faste uttrykk:

  • «Skomaker, bli ved din lest» er eit ordspråk som seier at ein skal halda seg ved det ein er laga til eller kan.
  • «Skorne over same leist» kan tyda at nokon er svært like, eller at ein ser på to (ulike) personar som heilt like

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Leist