Leknes lufthamn
Utsjånad
| Leknes lufthamn | |||
| | |||
| IATA | LKN | ||
|---|---|---|---|
| ICAO | ENLK | ||
| Flyplasstype | Sivil | ||
| Operatør | Avinor | ||
| Tener | Leknes | ||
| Stad | Vestvågøy kommune, Nordland | ||
| Opna | 1972 | ||
| Høgd | 24 meter | ||
| Koordinatar | 68°9′15″N 13°37′0″E, 68°9′9″N 13°36′34″E | ||
| Nettstad | https://avinor.no/en/airport/leknes-airport/ | ||
![]() Leknes lufthamn 68°09′09″N 13°36′34″E / 68.1525°N 13.609444444444°E | |||
Leknes lufthamn er ei sivil, regional lufthamn i Vestvågøy kommune i Nordland fylke. Lufthamna ligg om lag 2,0 kilometer nord for Leknes og er driven av Avinor AS.
Leknes lufthamn var ein av fleire kortbaneflyplassar som vart opna i 1972. Flyplassen har ein asfaltert rullebane som er 799 meter lang og 30 meter brei. I 1998 gjorde det dåverande Luftfartsverket eit forprosjekt for å gjere rullebanen lengre til 1 200 meter, men dette arbeidet vart ikkje ført vidare.
Flyselskap og destinasjonar
[endre | endre wikiteksten]Innland
[endre | endre wikiteksten]| Flyselskap | Destinasjonar | |
|---|---|---|
| Widerøe[1] | Bodø, Røst, Svolvær |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]«Leknes lufthavn, Leknes» i Store norske leksikon, snl.no.
- Denne artikkelen bygger på «Leknes lufthavn» frå Wikipedia på bokmål, den 30. juni 2012.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Avinor om Leknes lufthamn Arkivert 2012-04-12 ved Wayback Machine.
