Lekter

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ein typisk lekter, ei lørje lasta med grus, på kanalen mellom Donau og Svartehavet i Romania

Lekter (av nedertysk, nederlandsk: lichter, lichten som tyder «lette») er ein lastepram som kan reknast som ei flytande plattform eller (laste)kasse utan eige drivverk. Moderne lekterar finst derimot både med og utan motor, med og utan ror, og med og utan kjøl. Dette er ein flatbotna båttype. Lengd i tilhøve til breidd varierer med bruksområde og farvatn. Eldre lektertypar, som lørje (butt i begge ender) og pram, var gjerne korte og breie. Moderne lekterar er derimot gjerne lange (og smale i forhold til lengda).

Elvelekterar finst på alle større elver i Europa der fallshøgda ikkje er for bratt. Dei vart opphavleg trekt av menn eller hestar. Ned elvene dreiv dei gjerne av seg sjølv, medan besetninga styrte, anten med tau frå breiddene eller med ein styreinnretning. I dag vert dei dytta eller trekt av bukserbåtar. Nokre er òg utstyrte med ror og eigen motor, som er sterk nok til å transportera lekteren på kanalane og opp og ned elvene for eiga maskin. Skrogforma er typisk flatbotna, noko som gjer dei nyttige i stille sjø og på grunt vann.

Sidan store delar av Europa er knytte saman av eit kanalsystem, finst det mange lekterar, og til tider er det tett trafikk.

Flytande hotell og restaurantbåtar som ein finn ein del av i elver og kanalar, er bygd på same typen skrog.

Lørjer og prammar vert nytta i avgrensa utstrekking i Noreg i dag, men er i bruk som muddersamlarar og transport til undervassdeponi, då assistert av små slepebåtar. Flytande arbeidsplattformer vert gjerne montert på lekterar.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Lekter