Lemesóssjøen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lemesóssjøen
innsjø
Land  Kypros
Høgd over havet 0 moh.
Areal 10,65 km²
Største djupn m
Koordinatar 34°37′N 32°58′E
Byar Limassol
Kart
Limassolsjøen
34°37′00″N 32°58′00″E / 34.616666666667°N 32.966666666667°E / 34.616666666667; 32.966666666667
Wikimedia Commons: Limassol Salt Lake

Lemesóssjøen (gresk Αλυκή Λεμεσού, Alykí Lemesoú, tyrkisk Limasol Tuz Gölü), òg kalla Akrotírisjøen (gresk Αλυκή Ακρωτηρίου, Alykí Akrotiríou), er ein saltsjø søraust for byen LemesósKypros med eit areal på 10,65 km². Det lågaste punktet er 2,7 meter under havnivå, og på det djupaste er innsjøen berre 1 meter djup.[1] Geologar meiner at innsjøen vart danna ved at småøyar utanfor kysten av Kypros voks i hop.[2]

Sjølve innsjøen vert rekna som eit av dei viktigaste våtmarksområda aust i Middelhavet. Det at 50 % av innsjøen er mindre enn 30 cm djup trekkjer til seg tusenvis av trekkfuglar som stoppar her på veg nordover eller sørover. Ein har estimert at mellom 2 000 og 20 000 flamingoar held til her i vintermånadane.[3]

Innsjøen ligg innanfor grensene til det britiskstyrte området Akrotíri. I 2003 skapte det britiske militæret bråk då dei reiste to enorme antenner som ein del av overvåkinga si av Midtausten.[4] Lokale og europeiske miljøvernsaktivistar frykta at dette skulle forstyrre det skjøre økosystemet.[5][6]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Σημαντικές Περιοχές για τα Πουλιά της Κύπρου (Viktige område for fuglar på Kypros), av Ζώτος Σάββας.
  2. School of Ocean and Earth Science, National Oceanography Centre, Southampton University, UK [1]
  3. Birdlife International Arkivert 2009-01-03 ved Wayback Machine.
  4. Cyprus Mail- Fredag, 3. desember 2004)
  5. EFGP 3rd Congress Arkivert 2006-10-12 ved Wayback Machine., Berlin, Tyskland, 17-19. mai 2002
  6. Nyhendebrev frå Birdlife Cyprus Arkivert 2006-11-07 ved Wayback Machine.