Elva Lena i Russland
Lena | |||
elv | |||
Lena i Sakha
| |||
Land | Russland | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 2 490 000 km² | ||
Lengd | 4 472 km | ||
Middelvassføring | 17 000 m³/s | ||
Kjelde | Bajkalfjella | ||
• høgd | 1 640 moh. | ||
Munning | Laptevhavet | ||
Elva Lena i Russland 53°56′08″N 108°05′31″E / 53.935555555556°N 108.09194444444°E | |||
Nedslagsfeltet til Lena
| |||
Wikimedia Commons: Lena River |
Lena (russisk Ле́на) i Sibir i Russland er den tiande lengste elva i verda med ei lengd på 4472 km og har det niande største nedslagsfeltet med 2 500 000 km².
Ho spring ut frå ei høgd på 1640 meter over havet i Bajkalfjella sør for Det sentralsibirske platået, og berre 7 km vest for Bajkalsjøen. Lena renn nordaustover og mottar elvane Kirenga og Vitim.
Frå Jakutsk renn ho ut på låglandet og mottar Oljokma og renn så nordover til ho mottar Aldan frå høgre. Verkhojanskfjella tvingar ho nordvestover og etter å ha motteke den største sideelva frå venstre, Viljuj, renn ho nordover til Laptevhavet, eit havområde i Nordishavet. Lena munnar ut sørvest for Nysibirøyane i eit delta som dekkjer 30 000 km²,[1] og vert kryssa av mange store greiner. Den viktigaste av desse greinene er Bykov, som ligg lengst aust.
Elva har ei total lengd på 4472 km og nedslagsfeltet hennar er berekna til 2 490 000 km². Det vert vaska gull i sanden i elvane Vitim og Oljokma, og ein har funne støyttenner etter mammutar i deltaet.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Dei fleste forskarar meiner at namnet på Lena kjem frå det opphavlege evenkarnamnet Elyu-Ene, som tyder «den store elva».
Baron Eduard Von Toll, i lag med Aleksander von Bunge, utførte ein ekspedisjon til Lenadeltaet og Nysibirøyane på vegne av Det russiske keisarlege vitskapsakademiet i 1885. Våren 1886 utforska dei Nysibirøyane og elva Jana og sideelvane hennar. I løpet av eitt år dekte ekspedisjonen 25 000 km, der 4200 km var opp elvar, samstundes som dei gjorde geodesiske målingar på vegen.
Ein meiner at Vladimir Iljitsj Uljanov skal ha teke aliaset sitt, «Lenin», frå elva Lena.
Lenadeltaet
[endre | endre wikiteksten]Mot slutten av Lena er det eit stort delta som strekkjer seg 100 km ut i Laptevhavet og er om lag 400 km breitt. Deltaet er frosen tundra om lag sju månader av året, men i mai vert regionen omforma til eit frodig våtmarksområde resten av månadane. Delar av området er verna som Lenadeltaet villmarksreservat.
Lenadeltaet deler seg inn i mange flate øyar. Dei viktigaste av desse er (frå vest til aust) Tsjytsjas Aryta, Petrusjka, Sagastyr, Samakh Ary Dijete, Turkan Belkejdere, Sasyllakh Ary, Kolkhoztakh Belkejdere, Grigorij Dijeljakh Belkeje (Grigorihøyane), Nerpa Uolun Aryta, Misja Belkejdere, Atakhtaj Belkedere, Arangastakh, Urdiuk Pastakh Belkej, Agys Past Aryta, Dallalakh, Otto Ary, Ullakhan Ary og Orto Ues Aryta.
Turukannakh-Kumaga er ei lang og smal øy like vest for Lenadeltaet.
Ein av øyane i Lenadeltaet er Ostrov Amerika-Kuba-Aryta eller Ostrov Kuba-Aryta, og vart kalla opp etter øya Cuba under sovjettida. Ho ligg langs nordkysten av deltaet.[2]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Lena River» frå Wikipedia på engelsk, den 24. oktober 2008.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Alexander von Bunge & Baron Eduard Von Toll, The Expedition to the New Siberian Islands og the Yana country, equipped by the Imperial Academy of Sciences. 1887.
- William Barr, The First Soviet Convoy to the Mouth of the Lena.
- NASA Earth Observatory pag(kevin loves balls)e on flooding on the Lena River Arkivert 2008-09-22 ved Wayback Machine.
- Information og a map of the Lena's watershed Arkivert 2005-09-05 ved Wayback Machine.
- Permafrost in the Lena Delta
- Student Partners Project - scientific study involving students along the Lena River Arkivert 2014-12-18 ved Wayback Machine.
- Fotnotar
- ↑ «Lena River Delta - A Global Ecoregion». World Wide Fund for Nature. 6. juli 2006. Henta 24. oktober 2008.
- ↑ Ostrov Amerika-Kuba-Aryta