Lene Conradi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Lene Conradi
Lene Conradi NBCI 2012 v2.jpg
Foto: Halvard Lundgaard
Fødd 5. mai 1970
Parti Høgre
Verv Ordførar i Asker
 - periode 2007–
 - føregangar Morten Strand

Lene Øistesø Winger Conradi (fødd 5. mai 1970) er ein norsk politikar for Høgre som har vore ordførar i Asker kommune sidan 2007. Ho er den fyrste kvinnelege ordføraren i Asker. Conradi er utdanna jurist, og var før ho blei ordførar politisk rådgjevar for ordføraren i Oslo, Per Ditlev-Simonsen. Ho blei valt inn i Asker kommunestyre i 1995 og var gruppeleiar for Høgre i perioden 2003-2007.

Conradi har som ordførar lagt stor vekt på moderniseringa av rolla til kommunen og nye kommunikasjonsformar med innbyggjarane i Asker. Ho har innført månadlege opne møte med innbyggjarane (Lene-timen), chat-basert kontakt med kommunen, og Askerdialogen. I 2012 vann Asker Entreprenørskapsprisen for sin integrasjon av entreprenørskap i undervising.[1] Kommunen har føretatt ei strategisk satsing på bredband og digitale tenester som i 2012 tok Asker til topps i ei nordisk rangering av IKT-politikken til byare i Noreg, Sverige og Danmark.[2][3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Asker kommune vant Entreprenørskapsprisen, Asker kommune.
  2. Asker er Nordens beste bredbåndsby - Asker kommune.
  3. Asker er best på bredbånd i Norden - Asker og Bærums Budstikke, 12. juni 2012.