Lene Rantala

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Lene Rantala

Lene Rentala 20141115.jpg

Statsborgarskap Danmark
Fødd 10. august 1968
København
Idrett handball, fotball
Tok del i

Sommar-OL 2000, Sommar-OL 1996

Lene Rantala (fødd 10. august 1968) er ein dansk tidlegare handballspelar. Ho vann i perioden 1994-2002 tre EM-gull, to OL-gull og eitt VM-gull med Danmarks landslag. Rantala var målvakt og deltok i 230 landskampar i tida 1991-2007. Frå 1997 til 2014 spelte ho for det suverene topplaget i norsk kvinnehandball, Larvik HK. Med Larvik-laget vann ho 14 norske seriepokalar og 10 NM-gull, dessutan var ho med på to sigrar i Cupvinnarcupen og ein triumf i Meisterligaen.

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Rantala stod i mål for Fredriksberg IF frå 1990 til -93. Etter ein sesong i Brabrand IF flytta ho i 1994 til Noreg for å spele for Toten HK. Deretter var ho Junkeren-spelar i 1996/97-sesongen. Då Bodø-laget rykka ned frå toppserien skreiv ho kontrakt med Larvik HK, ein klubb som var i ferd med å ta over hegemoniet i norsk handball. Frå ho fekk tildelt sin fyrste kongepokal i februar 1998 sanka ho ytterlegare ni kongepokalar før ho la opp i 2014/15. I perioden 2000-14 vann Larvik og Rantala samtlege norske serimeisterskap, med unnatak for 2004. Våren 2005 vann Larvik også Cupvinnarcupen, ein prestasjon Rantala og Larvik-kvinnene gjentok i 2008. Høgdepunktet som Larvik-spelar opplevde ho då laget gjekk heilt til topps i Meisterligaen 2011.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Med Danmark vann Rantala VM-sølv i 1993, EM-gull 1994 og VM-bronse 1995, utan å han ein framståande plass i mannskapet. År 1996 var ho med på den historiske dobelltriumfen; fyrst OL-gull i Atlanta og sidan EM-gull. Året etter tok Danmark endå eit meisterskapsgull under Handball-VM, før Noreg vart for sterke i EM-finalen 1998. Rantala fekk eit nytt OL-gull i Sydney i 2000 og ho vart europameister for tredje gong då Danmark på heimebane slo Noreg i finalen i desember 2002. På landslaget vart Rantala mykje nytta som andremålvakt, fyrst for Susanne Munk Lauritsen og til sist Karin Mortensen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]