Lene Vågslid

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Lene Vågslid
Lene Vågslid - Arbeiderpartiet.jpg
Fødd 17. mars 1986

Dalen i Tokke

Parti Arbeidarpartiet

Lene Vågslid (fødd 17. mars 1986 i Dalen i Telemark) er ein norsk politikar for Arbeidarpartiet.

Ho er utdanna adjunkt, og har permisjon frå stillinga som lærar i Tokke kommune. Ho er også aktiv innan revy, musikk og song i heimfylket.[1]

Vågslid var leiar i Telemark AUF 2003–2006, og har vore styremedlem i Telemark Arbeidarparti sidan 2003. Vågslid har vore vald inn på Telemark fylkesting sidan 2007 og 1. vararepresentant til Stortinget frå Telemark sidan 2009, men har hatt permisjon frå førstnemnde sidan oktober 2010 for å møte for Gunn Olsen på Stortinget.[2] Vågslid er medlem av Stortingets familie- og kulturkomité.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Premiereklar humortrio». Telemarksavisa. 7.oktober 2008.  Sjekk datoverdiar i |dato= (hjelp)
  2. «Gir seg på Stortinget». Telemarksavisa. 20. februar 2012. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Lene Vågslid