Lengasørbøk
Lengasørbøk | |
Lengasørbøk | |
Status | |
Status i verda: Livskraftig | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Overrekkje: | Landplantar Embryophytes |
Rekkje: | Karplantar Tracheophytes |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Bøkeordenen Fagales |
Familie: | Nothofagaceae |
Slekt: | Nothofagus |
Art: | Lengasørbøk N. pumilio |
Vitskapleg namn | |
Nothofagus pumilio |
Lengasørbøk[1] eller lenga (Nothofagus pumilio) er ein art av sørbøk (Nothofagus) og eit tre i sørbøkfamilien Nothofagaceae. Det er ein karakteristisk art i skogane sør i Argentina og Chile. Treet veks frå Maule-regionen til Magallanes i Chile, og dekkjer område frå 35° til 55° sørleg breiddegrad, og dessutan frå Neuquén-provinsen til Tierra del Fuego i Argentina.
Trevirke av lengasørbøk blir brukt til møbelproduksjon.
Skildring
[endre | endre wikiteksten]Bladene er lauvfellande, 2 til 4 cm lange, mørkegrøne, og har ei rund eller elliptisk form med takka kantar, der det er to taggar mellom nervane. Om hausten skiftar blada farge til gult og raudt. Frukta er eit lite frø som måler 4 til 7 mm i lengd. Avhengig av kvar det veks, kan treet bli over 30 meter høgt, med ein diameter som kan overstige éin meter. Når det veks i store høgder, nær snøgrensa, har det form som ein middels stor busk (kalla lengt achaparrada).
Utbreiing
[endre | endre wikiteksten]Lengasørbøk veks i den sørlege delen av Andesfjella, på vulkanske jordsmonn langs fjellsidene, og dessutan på dei tynne jordlaga i den sørlege delen av Storøya i Eldlandet. Treet kan vekse mellom havnivå og opptil 2000 moh., lengst sør berre opptil 700 moh.[2] Treslaget toler temperaturar ned mot −20 °C og frost gjennom heile året. Det har evna til å komme seg etter skogbrannar. Veksten kan hemmast av ein parasittplante frå slekta Misodendrum.
I Argentina finst det rikelege bestandar av lengasørbøk i fleire nasjonalparkar langs Andesfjella frå Lanín nasjonalpark i nord (40°09′37″S) til Storøya i Eldlandet i sør. (54°40′01″S)
I Chile veks lengasørbøk i Andesfjella frå Maule-regionen i nord til Magallanes-regionen i sør, og langs kystfjella frå Los Lagos-regionen til Magallanes-regionen. I dei områda der treet har naturleg utbreiing, blir det rekna som utanfor fare for utrydding.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen er ei omsetting av «Nothofagus pumilio» frå Wikipedia på spansk, den 7. januar 2025
- Referansar
- ↑ Universitetet i Bergen, 26. januar 2022, Sørbøk (Nothofagus), henta 29. januar 2023
- ↑ Barstow, M.; Baldwin, H.; Rivers, M.C. (2017). «Nothofagus pumilio». IUCN Red List of Threatened Species 2017: e.T61918143A61918170. doi:10.2305/IUCN.UK.2017-3.RLTS.T61918143A61918170.en. Henta 7. januar 2025.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- (en) Nothofagus pumilio i Encyclopedia of Life
- (en) Nothofagus pumilio i Global Biodiversity Information Facility
- (en) Nothofagus pumilio hos NCBI
- (en) Nothofagus pumilio hos The International Plant Names Index
- (en) Kategori:Nothofagus pumilio – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- (en) Nothofagus pumilio – galleri av bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- Nothofagus pumilio – detaljert informasjon på Wikispecies