Lengdeeining

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ei lengdeeining er ei avgrensa lengd eller avstand som vert nytta til å måle lengdestorleikar. I SI-systemet er måleininga for lengd meter (symbol m), og vert nytta i lag med SI-prefiks eller symbola deira, som til dømes millimeter (mm) eller kilometer (km).

Grunnlaget for val av lengdeeiningar har gjerne vore lekamar eller storleikar som finst i naturen med omtrent fast lengd, eller lengder som vert definert ut frå fysiske uforanderlege storleikar.

  • 1 µ (mikron) = 1 µm (mikrometer) = 10–6 m
  • 1 Å (ångstrøm) = 0,1 NM (nanometer) = 10–10 m
  • 1 fm eller F (fermi) = 10–15 m
  • 1 a0 (bohrradius) = 5,29177 · 10–11 m
  • 1 au (astronomisk eining) = 1,496 · 1011 m
  • 1 ly (lysår) = 9,461 · 1015 m
  • 1 PC (parsec) = 3,26 ly = 206 265 au = 3,0857 · 1016 m
  • 1 nautisk mil = 1852 m
  • 1 mile (engelsk mil) = 1609,344 m
  • 1 in (inch) = 2,54 · 10–2 m
  • 1 ft (foot) = 12 in = 0,3048 m
  • 1 yd (yard) = 3 ft = 0,9144 m

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Holtebekk, Trygve. (2009, 23. april). Lengdeenhet. I Store norske leksikon. Henta 12. november 2013 frå http://snl.no/lengdeenhet.