Lengdeeininga spann

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Spann kan vere ei måleining for masse, sjå masseeininga spann, eller det kan vere eit gammalt lengdemål. Ordet har opphav i norrønt spǫnn; av 'å spenne', den lengda ein kan måle ved å tøye fingrane frå kvarandre.[1] Frå spissen av tommeltotten til spissen av langfingeren er ei langspann eller ten-spann. Frå tommelspissen til spissen på peikefingeren er ei kortspann eller kvartspann.[2]

Måleeininga er bruka i Det gamle testamentet, her tilsvarar ei spann ei halv alen eller om lag 0,25 meter.[3] Brystduken som var ein del av den gamle presteskruden, målte 1x1 spann .[4]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «lengdeeininga spann» i Nynorskordboka.
  2. Gunnar Eldjarn og Jon Godal: Åfjordbåten og Nordlandsbåten Bind 4.ISBN 82-992217-1-4
  3. Ordforklaring i Bibelen, Det Norske Bibelselskap 1978
  4. 2. Mos. 28,16