Hopp til innhald

Lenggries

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lenggries
by
Våpenskjold
Land  Tyskland
Stat Bayern
Region Niederbayern
Landkreis Bad Tölz-Wolfratshausen
Høgd 679 m
Areal 242,84 km²
Folketal 10 143 (31. desember 2023)
Postnummer 83661
Retningsnummer 08042, 08045
Bilnummer TÖL
Kart
Lenggries
47°40′49″N 11°34′26″E / 47.680277777778°N 11.573888888889°E / 47.680277777778; 11.573888888889
Wikimedia Commons: Lenggries

Lenggries er ein by i Tyskland i delstaten Bayern med om lag 10 000 innbyggjarar. Han ligg i landkreisen Bad Tölz-Wolfratshausen ved elva Isar.

Lenggries ligg ved elva Isar før ho renn inn i Alpenvorland. I aust ligg Tegernseerfjella, i vest ligg fjellet Brauneck med ei høgd på over 1 551 meter over havet. Brauneck er eit kjent skiområde. Byen Lenggries ligg 700 meter over havet.

Lenggries vart først nemnd i dokument i 1220. I mange år var Lenggries den einaste busetnaden i området som vart styrt av baronane av Hörwarth frå Hofmarkslottet. I 1705 vart den første motstanden mot austerrikarane organisert i Lenggries. Dette førte seinare til slaget ved Sendlinger Bauernschlacht. Frå 1808 til 1818 vart Lenggries ein politisk sjølvstendig kommune. I 1924 vart Lenggries knytt til jernbanenettverket, som førte til auka turisme, som i dag er hovudnæringa for staden. Frå 1935 til 1939 var ein Gebirgsjäger (tyske fjellinfanteristar) stasjonert i Lenggries.

Panoramabilete.

    Bakgrunnsstoff

    [endre | endre wikiteksten]
    Commons har multimedium som gjeld: Lenggries